lørdag 26. februar 2011

46. Thormod Rettedal.


Thormod Rettedal.

Me har ikkje tal på alle dei soger som er fortalde om denne predikanten i Rogaland. Og me kan heller ikkje nemna opp alle dei vekkingar han var med i. Men han var ein reiskap med mykje nåde frå Gud. Mange fann fred med Gud under talarstolen hans. Her skal me nøya oss med nokre enkle og isolerte pennestrøk om han.

Han kom frå Høgsfjord i Rogaland og var fødd i 1849. Han var ein modig gut og svara presten vel på konfirmasjonsdagen. Han vart spurt om han ville forsaka djevelen og alle gjerningane hans. Då kom svaret: ”Eg tru, eg vil dæ.”

Tidleg møtte han Guds kall, men fekk ikkje sjelefred og vissa før han var 24 år. Han var då på sildefiske i Nordland der det braut ut ei alvorleg vekking på fiskefeltet. Etter store indre kampar, rann lyset og han kom heim som ein ny mann.

Rettedal byrja kort etter som ”bibelbud” for Lutherstiftelsen. Presten Kobro hjelpte han den første tida. Han skulle reisa rundt og selja biblar og andre skrifter og kunne halda forsamlingar og lesa or bøkene for folket. Han kom ofte til små og avsidesliggjande stader. Dette var ein del av Johnsons ”naudprinsipp” der lekfolk skulle gjera det prestane ikkje nådde.

Den første turen gjekk innover i Ryfylke der han lei mykje vondt. I Suldal heldt han på å frysa i hel. Der måtte han liggja i eit gammalt stabbur. Det var midt på vinteren og snøen fauk inn i rommet så Rettedal måtte småspringa rundt i rommet for å halda varmen. Neste natt fekk han sova på loftet i huset der husfolket låg. Då takka Rettedal Gud og bad lenge utover natta. Då byrja vekkinga i bygda. Slik gjekk det mange stader.

I slutten av 1870-åra vaks Indremisjonen fram, og Rettedal fekk kall til å reisa der. Han fekk frie hender og opplevde mange vekkingar i bygdene. Han fekk også tala på større stader nå. Då kom han ofte i konflikt med prestane. Rettedal likte ikkje strid, men elska sanninga og kjempe for den.

I 1879 kom Rettedal for første gong til Hidra ved Flekkefjord. Denne gongen kom han i strid med metodistar og andre frie kristne på øya. I 1850-åra hadde det gått ei vekking over staden Kirkehamn. To sjømenn hadde høyrt presten Lammers i Skien og kom deretter heim og forkynte folk folket. Desse vitnemåla fengde i folk og mange vart omvende. Privathusa vart for små til forsamlinga, og dei bygde sitt eige hus i Kråkedalen i 1862.

Sytten år etter kom Rettedal, og heile øya ville høyra han. Både metodistar og frie og lutherske kom saman då, og striden byrja. Rettedal var klår i luthersk lære. Og dei som fylgde han, meinte at dei og måtte byggja sitt eige hus. I 1881 stod huset ”Getsemane” ferdig, med plass til 5-600 menneske. Rettedal kom att fleire gonger i tala der.

I 1885 kom han til Visnes på Karmøy. Der var store kopargruver og mykje folk bedd der ikring, om lag 3000 menneske. Ein dag hadde han møte kl. 4 ettermiddag på bedehuset. Deretter ville han gå bort til dansesalen i gruvebyen. Han hadde høyrt om synda og dansefestane med drikk og slagsmål.

I ein pause gjekk Rettedal og A. Nilsen fram på golvet o tok til å syngja: ”Å., at eg kunne min Jesus prise som eg av hjertet dog så gjerne vil.” Då var det stille så lenge songen varde. Deretter dansa folket vidare. Då ropa Rettedal ut med høg røyst: No må de dansa skikkeleg når det først gjer det! Han visste korleis dansen skulle vera.

Då ropa ei ung jente fortvila: ”Me går til helvete heile kula.” Og ein svær kar kom bort til Rettedal og sa: ”Eg tenkjer det er best at du Rettedal preikar til oss.” Og Rettedal preika. Ein etter ein seig folk i kne og ropa på Gud. Guds Andre slo sterkt ned i folket og mykje folk i bygda vart frelst. Det gjekk ikkje utan motstand, men det vart ei ny tid på staden.

Det var truleg etter dette at biskop Heuch kom på visitas til Avaldsnes og møtte vekkingsfolket på veg til kyrkja. Dei song dei nye vekkingssongane og biskopen undra seg. Då ropa han ut: Dette må vera dei heilage si øy (”Insula sanctorum”).

Rettedal kom også til Bergen, og det vart ein av dei beste arbeidsplassar han hadde. I åtte år på rad vitja han hovudstaden på Vestlandet. I 1890 var han der i 7 månader. I byrjinga reiste han for Indremisjonen, men gjekk over til Kinamisjonen då den vart skipa.

Det kom klagemål mot mannen fleire gonger. Han var for hard og grov i talemåten og ymse anna. Men tida hans gjekk mot slutten, og 4. jan. 1909 heldt dei avkilsmøte i Kinahuset i Stavanger. Kista vart ført til Høgsfjord og gravlagt der. Ein stor minnestein vart sett over han der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.