fredag 25. februar 2011

45. Elias Blix.

Nynorskdiktaren Elias Blix.

Blix var fødd 24. febr. 1836 på garden Våg i Gildeskål i Nordland og døyde i 1902. Far hans døyde då Elias var tee år gammal, og mora gifte seg om att med Ole Helgesen. Han vart mest kjend som salmediktar, og sokneprest Harald Eintveit i Vikedal kallar han ”ei av dei store skaparåndene i norsk salmedikting” (DM 24/2.-11).

Blix var norsk teolog, professor i hebraisk og kyrkjeminister i 1884-88. Han vart aldri tilsett som prest, men er mest kjend som salmediktar. Han var også med ved omsetjinga an Bibelen til nynorsk. Han skreiv óg vakre og kjenslevare natursongar med skildringar av natur og folkeliv. ”No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,” er ein av dei.

Og nynorsk var det rette målet for han, og han gjorde mykje for at song og dikting kom nett på det målet – landsmål, som det heitte før. Ja, Bjarte Botnen i Vårt land seier om Blix (24/2-11): ”Han som kristna nynorsken.” Me veit godt at det var Ivar Aasen som henta nynorsken fram or den norske soga og folket vårt. Det vart eit levande skriftspråk slik det og var talemål.

Men med Blix vart nynorsk liksom meir offentleg og lovleg. Han var ansvarleg for jamstellingsvedtaket i 1885: Nynorsk og bokmål vart stilt likt i skule og samfunn etter kvart.

Han skreiv om lag 200 salmar, og av dei er det 71 i vårt noverande Norsk Salmebok. I Sangboken er det 33 salmar av han og 14 omsette salmar. Då han var 60 år i 1896, hadde han samla nokre gjester. Til dagen hadde han skrive ein song som han no las opp for dei. Det var songen: ”Å, eg veit meg eit land langt der oppe mot nord.” Han tenkte nok på Nordland der han kom frå. Han hadde ei oppleving der som sette såre merke.

Han kom heim, truleg sumaren 1866 då han hadde teke eksamen i teologi. Somme ville han skulle preika i kyrkja i Gildeskål då. Men soknepresten sa nei. Det er nemnt to grunnar for det. Den eine var han presten ikkje tykte det sømde seg at ein fiskarson frå bygda skulle tala Guds ord i kyrkja. Den andre som er nemnt er nett nynorsken. Han brukte nynorsk, og den hadde han møtt i Tromsø der han gjekk på seminaret for å bli lærar i 1852. I songen frå 1896 er merke etter dette nei: ”Å, eg lengtar så tidt dette landet å sjå. Og det dreg meg så blidt når eg langt er ifrå.” For han kom aldri attende til Gildeskål etter den hendinga.

Sjølv om nynorsken ser ut til å gå attende i folket vårt, vil Blix verta hugsa for diktinga si i lange tider. For diktinga hans er som teke ut av sjølve folket.
-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.