tirsdag 1. februar 2011

29. Andreas Dybdal


Andreas Dybdal

Han var son til Henrik Olsen Dybdal og kona Elisabeth Andersdt Schjelderup, som var hyttemeister på Røros og deretter hytteskrivar i Ålen. Sosialt høyrde dei til mellomsjiktet  og hadde dermed noko kontakt med ”dei kondisjonerte”. Andreas var fødd 12. mars 1740. Som sju-åring vart han sendt til Røros for å få undervisning m.a. av Ole Strøm. I 1755 reiste han til Trondheim og gjekk på latinskulen der. I tida 1739 til 1775 vart det berre tekne opp fem elevar frå Røros, og to av dei var sønene til direktør Borchgrevink på Røros. At Henrik fekk reisa dit, kan tyda på at han var sers evnerik og hadde utmerka seg i Bergstaden.

Han var berre tre år i Trondheim, og i 1758 reiste han til Akademiet i København for å studera teologi, og var også der i tre år. Hausten 1761 kom han heim og vart lærar (informator) nokre år  for born til fornemme familiar.

I 1769 vart han kalla til pers. kap.  i Tønset prestegjeld der han var i ti år. Då reiste han igjen til København for å søkja prestekall. Det var skikken i tida. Nokre månader etter fekk han kallsbrev til Finnøy prestegjeld i Rogaland. Det er datert 29. sept. 1779.

Men Finnøy var ikkje eit feitt kall på den tida. Då Andreas Dybdal søkte kallet i Skjold i Nord-Rogaland nokre år etter, skreiv prost R. Gjellebøl i Stavanger i attesten som vart lagd ved søknaden, at Finnøy var ”det allerringeste Kald i det gandske Christiansand stift”, ja, et Kald som alltid har været et Promotions Kald” (dvs. et kald der dei var midlertidig før dei vart forfremma).

Den økonomiske stoda vart nok ikkje betre då han fekk familie. Han vart gift 15. okt. 1783 med Bergitta Christina Mechlenburg Abo døypt 21. aug. 1748 på Stord i Sunnhordland, dotter til sjøløytnant og seinare kaptein Christian Nikolai Abo og Anna Erlandsdtr Fjellberg i Sunnhordland.

Då Andreas Dybdal søkte kongen om kallet i Skjold, skreiv han m.a.:

For Deres Kongelige Majestets Trone nedlegges min allerunderdanigsteAnsøgning om Skiolds Kald i Christiansands Stift. Fortienester har jeg ikke at berobe mig paa; Ved Guds Naade har jeg paa 19de Aar, ikke uden trykkende Bekymring, stræbet at være troe i de Kald, hvor Gud og kongen har sendt mig. Min ydeligere Trang til et bedre Levebrød, som den viktigste Beveggrund, tør jeg ligesaalidet vidløftig andrage, som det er mig umueligt i korthed at forestille; Min Tillid saavel til den Allerhøiestes Viise Forsorg, som og min Allernaadigste Konges ømme Fader-Hierte for Landets trængende Børn giver mig haab om en Naadigst Bønhørelse, samme vil oppmuntre mig til fordoblet Nidkierhed og Aarvaagenhed at udøve mine helligste Pligter mot Gud, Kongen og Kierken.

Biskop B. Hagerup skreiv i si påteiking i brevet at Hr. Andreas Dybdal var den mest ”trængende” av søkjarane til kallet i Skjold, som gav ein årleg ”Indkomst paa 301 Rigsdaler i visse og uvisse Indkomster”. Dette kallet, skreiv biskopen, burde Dybdal få då han i 19 år hadde stått i kyrkja si teneste ”under meget ringe og møisommelige vilkaar – og da han tillige er en from og retsindig Mand, som med al Flid og Troeskab forestaar sit Embede, kan han og give sig allerunderdanigst Haab om Kongelig Naade til forønsket Forflyttelse, hvortil han i allerdybeste Underdanighed anprises.”

20. juni 1788 fekk han kallet, sjølv om biskopen i si påteikning 11. mars same år hadde bedd særleg for søstersonen sin, Hr. Andreas Heide i Trondheim Stift, om at han måtte få Skjold. Han hadde ”fristet det Vanheld, ved søeskade at forlise sit ringe, men for ham betydelige Boehave”. Det er tydeleg at biskopen hadde vore i ”tvende sinn”. Men avgjerda låg i alle høve i København.

15. febr. 1789 finn me Andreas Dybdal i Skjold. Då døyper han Brita Knutsdtr Grinde som var 17 veker gamal. I kyrkjeboka skreiv han då:

”Same Dag begyndte jeg at forrette mit Embede som Sogneprest til Schiolds Præstegield, og efter Hr. Provst Munthes Begiering i hans Forfald, oplæste det mig allernaadigst givne Kaldsbrev af 20de Juni 1788 samt Biskopens Dr. E. Hagerups Collats af 31te Juli. Gud velsigne fremdeles min Bestrebelse til hans hellige Navns Ære, hans Menigheds Opbyggelse og min Siels Salighed.”

Denne hans ”bestrebelse” varte berre til 7de mars 1803 då han døydde som prost og sokneprest i Skjold. Han har truleg vore ein del sjuk den siste tida. I kyrkjeboka finn me ved fleire høve at det er ”messefald” på grunn av  prostens ”svaghed”. Dette har truleg vart ved heilt frå november 1802. Frå den tida har ein annan ført ein del av kyrkjeboka.

Biskop Tybring utnemnde han til prost over Ryfylke den 9de jan. 1792. Og som prost fekk han nye oppgåver. Den vanskelegaste var kanskje prosteretten han var med i då presten Ancher Brun vart suspendert frå embetet i Suldal. Brun hadde før vore prest i Evje, men kom på kant med bygdefolket. Slik gjekk det og i Suldal. Både han og klokkaren Jakob Jakobsen Stene frå Vikedal var innblanda. Folk klaga over at presten tok for mykje betaling for dei kyrkjelege handlingane. 2. aug. 1797 tok saka til, men ho drygde ut til 1800 då endeleg dom fall. Men Brun anka saka til Høgsterett, og saka drog ut til slutten av året 1803. Men då var Andreas Dybdal død og fekk ikkje høyra at Brun tapte saka også der. Men i 1798 – midt i denne saka – vigde han dotter til presten Brun med klokkaren Jakob Stene som altså var medskuldig.

Det var og Andreas Dybdal som vigde presten og diktaren Jens Zetlitz i Vikedal med Kristine Sofie Fasting von Krogh i Hogganvik. Det var i 1802. Året føpr vigde han sokneprest Morten Henrik Magnus i Nedstrand med Ane Dorthea Heiberg ”paa Enchegaarden Hochul” i Skjold. Magnus fekk embetet i Skjold etter Dybdal. Kona til Magnus var dotter til Gerhard Heiberg som hadde vore prest i Skjold før Dybdal kom.

På gravstøtta til Andreas Dybdal skal det ha stått dette verset:

DIN MØIE ER NU ENDT,
DU SALIG HVILE NØD,
DIT NAVN SKAL ÆRET STAA
I EFTERSLEGTENS MINDE.
GUD GIV DE SØRGENDE
DEN BESTE TRØST AT FINDE,
MEN GIV OS ALLE DU, O GUD
EN SALIG DØD.

Andreas Dybdal og kona Birgitte Kristine hadde tri born: 1) Christiane Elisabeth døypt på Finnøy 23. juli 1786; 2) Anne Henrikke døypt i Skjold 27. april 1791, og 3) Henrik døypt heime 26. okt. 1793 og ”fremstillet i Kirken” 1. des. s. å.
***

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.