onsdag 2. februar 2011

33. Johan Calvin.


Reformatoren Johan Calvin.

      Omlag på same tid som Luther levde ein annan reformator, Jean (Johannes) Calvin. han var noko yngre enn Luther, men dei verka i det same århundre. Calvin var fødd 1509 i Noyon i Frankrike, men budde mykje av tida i Sveits.  Han utdanna seg til jurist, og det viser godt att i skrivearbeidet hans.

      Frå 1533 gjekk han inn i reformasjonsarbeidet med all si kraft. Tre år seinare ga han ut sitt store verk, ei slags dogmatisk innføring i kristen tru - på latin: ”Institutio religionis Christianae”. Seinare skreiv han ei katekisme og ei trusvedkjenning og etter kvart  kommentarar til fleire bibelske skrifter. I alt dette ragar han høgt som skribent og tenkjar.

      Om ein skal samanlikne han med Luther, blir det gjerne slik: Luther skreiv og tala med hjarta, medan Calvin skreiv med hovudet. Luther skriv og tenkjer med sterke kjensler, medan Calvin er logisk og tankeklår i det han seier. Les ein t.d. same kapitel i bibelforklaringane av begge desse to, ser ein tydeleg skilnadden. Calvin forklarar på ein annan måte meir stringent der Luther skriv oppbyggeleg og forkynner med pennen.

      Dei er ulike i syn og. Calvin er far for den reformerte kyrkja som i nokon mon skil seg frå den lutherske. Det ser ein godt når ein kjem til bibeltekstar som talar om utvelginga, det ævelege nådeval, og om sakramenta. Her slår han delvis lag med Zwingli og Farel i Geneve.

      Han for strengt fram med kyrkjetukt og fekk slik motstandarar. Han fekk til og med spanjolen M. Servet dømd og brent på bål. Det var fleire element av tvang i hans syn og handlingar som la eit lovisk preg over den kyrkja han skapte.

      Calvin skreiv kommentarar (fortolkingar) til mange av bøkene i Bibelen. Han harmoniserte dei fire første evangelia (synoptikarane) og skreiv om dei fleste
Bøkene i NT og mange i GT.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.