onsdag 2. februar 2011

34. Ole Hallesby.


Ole Hallesby.

      ”En høvding i Guds rike” kalla dei han i skriftet over Hallesby i 1962. Han var død året før – for 40 år sidan. Uttrykket er svært dekkande – i  preteritum (fortid). 

      For kor er det blitt av Hallesby (1879-1961) etter ein generasjon i grava? Går det så fort å gløyma ein hovding og den bodskapen han gav folket vårt? Eg berre undrast, og eg kan ta feil sjølvsagt. Han hadde så sterke meiningar og klåre tankar om kva kristendom er. Finn me dei same klåre tankar i dag – mellom kristenfolket der han var sentral, i kamp mot liberal teologi og på arbeidsstaden hans, MF? Eg synes det er ”betimeleg” å stilla slike spørsmål nå. T. Øberg kalla han ”den åndsfylte myndige forkynnerrøsten som hadde gitt gjenlyd over landet og Norden i 56 år”. 

      Hallesby hadde ein ”styringsregel” både for livet sitt og teologi og forkynning. J. Smemo sa noko om det  i NRK den dagen Hallesby døydde: ”Mot slutten av studiet opplevde han en personlig omvendelse som førte til en fullstendig kursendring både i hjerteliv og livsstil og teologisk tenkning.” 

      Han gjekk over frå å vera ein liberal teolog til ein personleg kristen. Og det fekk fylgjer for korleis han ”måtte” tenkja: Bibelen vart styringsregel for alt i livet. 

      Mon det ikkje var difor han hadde nærkontakt med kristenfolket, og dei opplevde han som sin? Trass skilnad i utdaning og evner set det truande kristenfolket også Bibelen høgt. Me erkjenner at me ikkje skjønar så mykje og ikkje greier å leva etter Ordet. Men me klynger oss til Han som er Ordet –Jesus. Så vert han ror og ratt for tru, tanke og liv. 

      Det er her eg kjenner det sårt nå. Me finn så få ”slektningar” av Hallesby. Kor er det blitt av den ”åndsfylte myndige forkynnerrøsten”? 
(Kortversjon.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.