fredag 21. januar 2011

21) K. G. Pfander

Ein Islam-misjonær.
K. G. Pfander

Ned gjennom tidene har faktisk ein del brennande kristne prøvd å vinna muslimar (tidlegare ”muhammedanarar”) for Kristus. Me skal ikkje unødig freista å minisera det andre gjorde før oss. Ser me på personar i soga før oss, pliktar me å sjå dei i høve til deira tid og dei resursar dei hadde på alle plan.

Karl Gottlieb Pfander var ein slik tidleg ”islam-misjonær”. Han arbeidde ikkje berre som aktiv arbeidar for å få muslimar til å tru på Kristus. Han arbeidde faktisk ut ein slags ”dogmatikk” for islam-misjonærar. Mange har brukt og hatt nytte av boka hans ”Sannings-vekta” (arab.: ”Mizan ul-Haqq”) frå 1829. Emil Birkeli seier at ”Den har bragt flere muhamedanere over til kristendommen enn noen annen bok og har ennu ikke utspilt sin rolle”.

Med ein slik attest er det truleg god grunn til å ta fram ein slik person nå – i ei tid der talet på muslimar aukar for kvart år i landet vårt. Nokre vil seia at talet akselererar.

Kven var denne mannen, og kva gjorde han?

Misjonær
Pfander vart fødd i Württemberg i Tyskland 3. nov. 1803. Han kom frå ein pietistfamilie og hadde med seg eit evangelisk kristensyn på reisa. Han var son til Johann F. Pfander og kona Elisabeth Margareta f. Bürklin. Faren var bakar i Waiblingen i Württemberg. Det var forresten det same området som kona til Peter Fjellstedt var frå, og det var kjend som eit pietistisk og evangelisk-luthersk område. Han reiste til misjonsskulen i Basel i 1821 og var der i fire år. Han er nok ukjend for mange i Europa i dag, men var i si tid ein av dei mest innflytelsesrike misjonærane i den islamske verda. Deretter arbeidde han for Baselmisjonen i Kaukasus i 12 år. Dette området var då persisk provins. Han skulle eigentleg reisa ut for å støtta og hjelpa den armenske kyrkja i landet. Men misjonærane reiste ofte rundt i landet og vart kjen de med folk og møtte også muslimar. Og dei nytta høvet til å tala evangeliet for dei og delte ut skrifter.

Det var etter ti år som misjonær han gav ut boka ”Sanningsvekta” første gang i 1835 på persisk. Det tyske manus var ferdig alt i 1829. Seinare vart ho omsett til ei rekke språk, m.a. engelsk i 1867. Pfander reiste mykje i denne tida og lærte dermed islam å kjenna i ulike område og miljø. Her fekk han eit nøye kjennskap til Islam, både skikkar og tankegang. Slik var han godt utrusta som muslimmisjonær. Han hadde tre store kvalifikasjonar for dette arbeidet: Han hadde eit absolutt og fyldig kjennskap til emnet Islam, han var språkmann og kjende godt språk og tankegang hjå muslimar i Austerland, og i tillegg hadde han stor kontroll over seg sjølv i diskusjonar og religionssamtalar. Det viste seg ved den offentlege samtalen i Agra. Sjå nedafor.

Det skulle koma til nytte seinare.

Den russiske tsaren Nikolaj I. sette ein stoppar for vidare misjon i Georgia og Kaukasus i 1835 og Pfander måtte dra frå landet. I 1837 reiste han så til Nord-India og arbeidde i området der Pakistan og Afganistan er nå. Først var han nokre år i Agra og sidan i Peshawar fram til 1857. I desse 20 åra fekk han stå i ei rik teneste og var det meste av denne tida knytt til den engelske organisasjonen ”Church Missionary Society” (CMS). Her vart ein del muslimar omvende til kristen tru.

Medan han var i India vart boka hans omsett til m.a. fleire indiske språk. Og han korresponderte med muslimar, forkynte Guds ord offentleg – og dette var berre mogleg ved at kolonimakta England beskytta han, og han var ofte i offentlege debattar med muslim-leiarar. Han fekk òg døypa nyomvende muslimar. I 1854 var ein slike debatt i Agra med fleire hundre tilhøyrarar. Muslimske leiarar nytta då bøker av liberale teologar i Europa som prov på at Bibelen var uhaldbar vitskapeleg sett. Muslimane nytta her særleg katolsk litteratur. Til debatten i Agra kom m.a. ein lærd muslim, Imad-du-din. Han var overtydd om at det han søkte, skulle han finna i ei reinsa form av islam. Han hadde leita i årevis utan å finna fred. Men etter lang indre strid og kamp vart han overtydd om at Kristus var svaret og vart frelst. Han vart seinare vidkjent som predikant og forfattar, og fekk doktorgrad i teologi av erkebispen av Canterbury.

I 1858 ville CMS byrja misjon i Konstantinopel, og Pfander vart send dit, og verksemda såg ut til å bera frukt. Men tyrkarane stansa det heile ved forfylginga i 1864 og Pfander måtte dra frå landet. Han reiste då til England og døydde der 1. des. 1865. Med dette var alt protestantisk misjonsarbeid i byen slutt for denne gong.


Arbeid
Pfander gjorde si teneste på fleire måtar. Han var evangelisk forkynnar, han skreiv bøker og traktatar, og ikkje minst argumenterte han med muslimske leiarar om religionen. Det hadde han tru for, utan at me skal skulda han for å vera ein typisk ”dialog-misjonær” av liberalt merke. Han vann ikkje alltid fram med sine argument. Ein viktig grunn til det var at muslimske lærde hadde lese kristen liberal teologi og brukte det mot Pfander. Dermed kunne dei visa til kristen lære som på somme punkt sa det motsette av det misjonæren hevda. John B. Taylor seier at han leit ikkje på den menneskelege tanke og fornuft, men insisterte på guddommeleg inngrep.

Arbeidet hans må me som sagt sjå i lys av den tida han levde i, og ikkje døma om han etter tankane i det nye tusenåret. På hans tid meinte dei fleste at den beste misjonsmetoden var å tala nedsetjande om andre religionar og slik framheva kristendomen. Det førde lett til konfrontasjon og konflikt mellom misjonær og tilhøyrar. Dette opplevde òg Pfander.

Han hadde likevel eit ganske godt utgangspunkt til misjonsgjerninga, særleg etter som åra gjekk. Han hadde 40 års røynsle til slutt. Kirke-leksikon for Norden skriv svært positivt om Pfander: Han var ”en Mand med Store Gaver og en vindende Personlighed, et uforfærdet Mod og stor lærdom og praktisk Visdom og et enestaaende Kenskab til islam og østerlandsk Tankegang”. For eit kritisk blikk ser det mest overmenneskeleg ut. Det er likevel mykje att om me tek bort dei sterkaste orda. Ein stor misjonær var han. Ei anna misjonssoge kallar han ”ein gåverik (begavet)” mann, og han vann nokre få omvende og ein storm av forfylging. Det har alltid kosta å fylgja Jesus, kanskje mest for muslimar.

Og misjon mellom muslimar har òg kosta frå første dag. Men Pfander var ”ei kjempe i denne krigen” og fekk sjå folk vart omvende. For treng arbeidaren ”eit spesielt temperament kombinert med høgast mogleg kunnskap og trening i språk, Islamsk litteratur og i dei viktigaste muslimske innvendingane. For på misjonsfelta er det ingen hardare og meir utfordrande oppgåver enn denne”.

Ei seinare vurdering av han, viser det. Dr. Christine Schirrmacher har nyleg skrive at han ikkje var arrogant eller gjekk fram som ein overlegen utsending frå kolonimakta. Han freista å overtyda muslimen med saklege argument. Slik var han apologet. Bennett seier han er best kjend som sin apologi og hevda der at Kristen tru hadde fortrinn over islam. Dette ser me òg i boka ”Sanningsvekta”. Her freistar han å vega sanninga i Bibelen og framstellinga i Koranen og muslimske skrifter mot kvarandre. S. Neil. er kritisk til framstillinga ”kristelig sett”, men dette var ein av dei første framstillingane for islam-misjon.

Først gjev han ei framstelling av den kristne trua, som ein slags dogmatikk. Dinest går han imot Islam. Det punktet han kanskje er mest kritisert for her, er dei siste kapitla om profeten Muhammed. Vår tid viser òg kor sårt dette punktet er for muslimar. Pfander kritiserer profeten så sterkt at denne delen er teken bort i nokre utgåver av boka, særleg utgåver på arabiske språk. Det var truleg denne boka, eller eit liknande skrift, som vart trykt i Tyrkia i byrjinga av 1860-åra. Ein muslim vart døypt i 1862 og fengsla for trua si, men vart fri ved hjelp av den engelske konsulen. Dei fekk selja biblar og evangeliske skrifter ope. Så kom skriftet til Pfander. 17.juli 1864 braut forfylginga ut og kristne muslimar vart fengsla, kristne bøker konfiskerte og nokre sende til galeiane (slaveskip). Dette hende trass i at lova i landet proklamerte religionsfridom. Kanskje var det ei feilvurdering av han å gå slik til åtak på religionen deira.

Men han let ingen vera i tvil om kva som er rett. I Konklusjonen til slutt i boka, skriv han: ”Du må velja mellom Herren Jesus Kristus som er Guds Ord, og Muhammed son til Abdullah (ibn ’Abdu’llah).” Det valet er alltid sentralt i all misjon – ikkje minst i vår tid med mykje uklår tale.

På 1800-talet tenkte gjerne misjonsfolk at muslimane snart ville venda seg til Kristus, og at Islam til og med ville bryta saman i møte med evangeliet. Pfander erfarte snart i misjonslanda at det ikkje hende. Diskusjonar, forkynning, utdeling av traktatar førte ikkje til dei talrike omvendingane, skriv Schirrmacher. Men Pfander heldt litteraturarbeidet for avgjerande i arbeidet om dei òg skulle vinna dei lærde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.