mandag 17. januar 2011

2) Johannes Gossner

Johannes Gossner

Han heitte eigentleg Johannes Evangelist Gossner, og levde etter det namnet. Gossner var fødd ved Augsburg i Tyskland i 1773 i ein katolsk familie. I denne trua vart han og utdanna som prest.
Snart kom han likevel under påverknad av evangelisk tru og studerte Bibelen flittig. Det ser me av dagboka hans. Som prest prøvde han å tala evangelisk og kom dermed i motsetnad til si katolske kyrkje. Han var fleire stader, men la ned embetet sitt i 1811 på grunn av forfylging og tok imot eit nytt kall i München og seinare Düsseldorf. Han skreiv mykje, men vart til slutt avsett frå embetet sitt.
Gossner skjøna nå at han ikkje kunne arbeida evangelisk nokon stad i den katolske kyrkja, og reiste til Russland. I Petersburg var han i fire år som eit glad og frimodig vitne. Han opplevd ei rik vekking i denne byen. Her fekk han motstand både frå dei romersk katolske og den ortodokse kyrkja og måtte slutta i si teneste i 1824 og forlet Russland. Keisar Alexander I beklaga det, han hadde vyrdnad for Gossner.
Nå slo han seg ned i Leipzig, og her skreiv han m.a. andaktsboka Skattkiste. Og nå gjekk han over til den evangeliske kyrkja og ynskte å halda fram som predikant. I brevet til leiinga for kyrkja skreiv han m.a.. ”Eg bed, kort sagt, om høve og tillating til å forkynna Guds ord offentleg igjen.”
I 1829 vart han tilsett ved Betlehemskyrkja i Berlin der han virke i 17 år, utan at han fekk sjå dei store vekkingsfrukter som i Russland. Men Gossner var eit bønemenneske også her.
Han var også med i misjon. Gossner tykte misjonsselskapet i Berlin var for teoretiske og byrja dermed sitt eige arbeid. Han førebudde unge handverkarar til arbeid for misjonen. Dei måtte gje Gud heile sitt hjarta og leva eit inderleg liv med Gud. Han fekk senda ut misjonærar til sydhavsøyane, Java og Vest-India. Han sende og prestar til tyske kyrkjelydar i Nord-Amerika. Alt dette gjorde han åleine og hadde aldri nokon medarbeidar eller sekretær.
Gossner var 65 år då han byrja dette arbeidet og heldt fram i 20 år til han døydde i 1858. Då hadde han sendt ut 140 misjonærar og heile tida preika han sjølv. Prestetenesta omfata og foreiningsarbeid og diakoniteneste. Han skipa til og med eit eige sjukehus i Berlin.
Eit rikt arbeids-og trusliv gjekk mot slutten. Og den siste tida opplevde han sjukdom og hadde store smerter til han døydde. Ein stor og modig, men einsam Herrens tenar gjekk bort 30. mars 1858.
NDH.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.