fredag 21. januar 2011

20) Peter Fjellstedt.

Peter Fjellstedt



Banebrytar for svensk misjon.
Det er Salmonsens leksikon (1919) som kallar Peter Fjellstedt (1802-1881) slik. Og det gjeld både ytre og indre misjon. Og Nordisk Teologisk Uppslagsbok bind I tek opp att denne karakteristikken i 1952. Han hadde sjølv prøvd seg som misjonær, og hadde elles eit mangslungent yrkesliv. Han var sjølv påverka av andre og vart til velsigning for nye menneske.
Han kom til verda 17. sept. 1802 i ein fattig bondefamilie i Sillerud sokn i Värmland i Sverige. Faren var bonde og snekker og var mykje borte frå heimen på arbeid. Men det var ein familie som ottast Gud og heldt dagleg husandakt og gjekk i kyrkja. Alt som tiåring måtte han ut å tena til sitt eige opphald. Det heng saman med at 1812 var eit ”nødsår” i Värmland. To år før hadde Sverige fått ny konge, og han hadde politiske ambisjonar. Alf Henrikson kallar året 1812 for ”det storpolitiska” året. Kongen ville ha både Noreg og Finland under Sverige, og i tillegg ein bit av Russland. Slike planar vert ofte dyre. Fattigfolk kunne ikkje fø borna sine. Peter måtte difor vera gjetar om sumaren og omgangsskulelærar om vinteren. Slike menneske vert ofte sterke og tåler motgang seinare.
Tjue år gamal vart han likevel student ved universitetet i Lund i Skåne. Han fekk fylgja ein båt til Gøteborg – over Vänern og Gøta-elva. Vidare gjekk han i 29 mil til Lund. Han tok studenteksamen først og vart eksaminert av ingen ringare enn diktaren Esaias Tegner. Men pengane tok slutt og han måtte ut att på arbeid. Då arbeidde han som huslærar (informator) på herregardar i Småland og så lærar i Brødreforsamlinga i Gøteborg. I denne tida opplevde han vekking og åndeleg gjennombrot.
Dette var nett i ei kyrkjeleg vekkingstid i Sør-Sverige med Schartauvekkinga som viktig i Lund og Gøteborg. Det var sterk pietistisk forkynning og djupt alvor i kristenlivet. Henrik Schartau påverka fleire prestar. Det same var tilfelle med den sellergrenske vekkinga i Wexjø og Småland. Peter Sellergren var påverka av både Johan Arndt og Jonas Sandell, far til Lina Sandell, der han fekk ein meir evangelisk tone. Den radikale Per Nyman høyrde òg til denne krinsen i Småland. Fjellstedt hadde altså rikt høve til å høyra vekkingstalar. På same tid las han språk og hadde anlegg for det.
I 1825 kom han attende til Lund for å avslutta studia. Det var i denne tida han kom til Gøteborg der pastor Stare var med i Brødrekyrkja. Han hadde eit stort bibliotek, m.a. 200 tidsskrift om misjon. Og dette fekk Fjellstedt nytta. Og nå såg han noko nytt om evangelisk misjon, og truleg vart misjonstanken tent her.
For tredje gong kom Fjellstedt til Lund i 1827 og fullførte teologien og tok presteeksamen 30. april 1828 i Karlstad. Han fekk karakteren fem ”laudatur”, som var uvanleg godt. Eit par dagar etter vart han prestevigd.
I mellomtida hadde han kontakta Basel i Sveits der han ville gå på misjonsskule med tanke på å verta misjonær.

Misjonær
Våren 1828 vart Fjellstedt altså vigd som prest i Karlstad. Kallet til å reisa med Guds ord til heidningane hadde han kjent på ei tid og søkt kontakt med fleire misjonsselskap. Det lukkast ikkje nokon stad, slik t.d. Skrefsrud og Sivert Gjerde også opplevde det.
Men så fekk han positivt svar frå Basel. Der var han fem månader på misjonsskule, og tida der fekk mykje å seia for han og bibelsynet hans i pietistisk lei. Det engelske kyrkjemisjonsselskapet (CMS) fekk på den tida mange misjonærar frå Basel. Slik kom Fjellstedt òg i kontakt med dei. I 1 ½ år studerte han medisin og orientalske språk (arabisk og amharisk) i England med tanke på utreise. Nå gifte han seg i London i 1831 med Christiana (Nanny) Schweitzerbart, dotter til ein professor i Stuttgart i landskapet Württemberg i Tyskland. Her var det pietistiske lutheranarar. Både presten Schartau i Sverige, Basel-instituttet og teologen J. A. Bengel var åndeleg i slekt med dei.
Han var også lærar ei kort tid ved skulen i Basel, før han i 1831 reiste til Sør-India. Her underviste han nokre år på presteskulen i Palamcottah, heilt på sørspissen av India. Klimaet var hardt, og han tålte det ikkje. I India fekk dei ei jente, men alt i 1835 reiste dei heim. Deretter reiste han til Smyrna i Lille-Asia/ Tyrkia for den same engelske misjonen og arbeidde mellom muslimar der, særleg med litteraturarbeid. Her var han i åra 1836-40. Men det lykkast lite, og han tålte heller ikkje klimaet der.
Eg trur tida i Smyrna var viktig for han. Først fekk han bruka sine språkkunnskapar og litterære evner. Han skreiv ei kort framstilling av kristen tru – med tanke på muslimar som las Koranen. Han reviderte grundig den tyrkiske bibelen. Dette studiet fekk han seinare nytte av då han skreiv sine forklaringar til Bibelen.
Men så vart han skuffa over kor vanskeleg det var å tala evangeliet til muslimar. Han og andre misjonærar reiste kring i Tyrkia og freista å nå innbyggarane. Men det lukkast lite. Difor meinte han at tida ikkje var inne for misjon mellom muslimar.
Akkurat denne tanken kan me stilla spørsmål ved. For kva tid er heidningane mogne for misjon? Ein grunn til at han slit slik med dette spørsmålet, kan nok vera at dei hadde lita røynsle i misjonsarbeid. Mange har venta i mange år før frukta viste seg. Nokre såg aldri ein blom av arbeidet. Men Gud såg etter truskapen.
Turen gjekk nå til Europa der han reiste for Basel-misjonen i Sveits, Frankrike og Tyskland og tala misjonen si sak. Misjonsarbeidet hans vart nå eit anna. I 40 år reiste han i fleire land og tende misjonselden. I 1843 var han attende i Sverige. Fjellstedt var svært populær då han reiste kring i Sverige etter heimkomsten. J. E. Lundahl skriv ”at det var ganske uhørt på den tiden at en mann i løpet av noen få måneder gjennom sine foredrag kunne samle inn om lag 5000 kroner”. Eit konkret døme på frukt av arbeidet var den unge Betty Larsson frå Brålanda. Gunnar Juelsson fortel om henne. Ho vart lærar og ivrig misjonskvinne i mange år.
Nå vart eit svensk misjonsselskap i Lund i Skåne skipa i 1845 med eigen misjonsskule der. Og med det byrja ei ny tid for Fjellstedt, han og familien flytte då til Lund. Det ser ut til at misjonen i Lund vart oppretta i ein viss opposisjon til Svenska Missionssällskapet frå 1835 av di det nærast var ein alliansemisjon der m. a. metodistar (ved Gabriel Scott) var med. Nå ville dei ha eit reint luthersk selskap. Ved sida av skulen og møter redigerte han fleire blad. Det eine var Bibelvännen, eit bibelsk tidsskrift for lekfolk, og Lunds Missionstidning, som han fekk løna si av. Ved sida av redigerte han òg bladet Folkskolan, for lærarar.
Det ”miljø” Fjellstedt gjekk inn i då han kom heim, var ein veksande kritikk av kyrkja i Sverige, og nye grupper som organiserte seg. Det var både lause venesamfunn etter vekkingane og meir strukturerte foreiningar og organisasjonar (”associationer”). Tendensen var då hjå vekkingsfolket at dei rekna meir med desse selskapa enn med kyrkja.

”Fjellstedska Skolan”.

Skulearbeidet til Fjellstedt gjekk i fleire trinn. I 1845/6 skipa dei ein misjonsskule i Lund der han vart forstandar. Det var i samband med det misjonsselskapet som vart skipa der då. Skulen vart flytt til hovudstaden i 1856 og til Uppsala i 1859. Det heng saman med at Misjonen i Lund i 1855 gjekk saman med og inn i Svenska Missionssälskapet (SMS). I den første tida var skulen nærast ein bibelskule som tok sikte på å hjelpa og trena lekpredikantar og kolportørar som skulle reisa rundt i det vidstrakte Sverige, særleg i Lappland i Nord-Sverige. Han hadde altså syn for misjon i sitt eige land. Men ein del av elevane vart seinare prestar i Amerika og nokre vart misjonærar i Sør-India og Afrika.
I 1862 vart skulen omorganisert. Det var Fjellstedt sjølv som våren 1862 funderte på korleis han skulle kunne verta betre. Ein har seinare rekna dette som starten på skulen. Fjellstedt trekte seg då ut or leiarskapen, men skulen bar namn etter han for framtida. Dei hadde t. d. 100 års-jubileum i 1962. Men det er altså over 160 år sidan nå at den første spira til skulen vart planta.
Fjellstedt fekk støtte av m.a. professorar i teologi og folk frå adelen i Sverige når skulen skulle omorganiserast. Men arbeidet gjekk tungt den første tida. I 1869 tenkte dei faktisk på å leggja skulen ned. Men då kom ei ny drivkraft inn som snudde alt til det gode. Det var pastor og skuleinspektør Johannes Kerfstedt frå Härnösand. Han vart verande i skulen heilt til 1920. Han var både pedagog og organisator og hadde eit godt lag med gutar. Det syner seg så ofte at det må nye kostar til når det går tregt. Og Fjellstedt hadde vore viljug til å sleppa frå seg ansvaret før denne tida. Skulen skulle eigentleg vore oppkalla etter Kerfstedt, men han ville at den skulle drivast i Fjellstedt sitt namn.
Tanken med skulen vart etter kvart å hjelpa fattige og flinke elevar til å studera teologi og bli prest. For det meste har skulen blitt driven ved friviljuge gåver. Den var lenge ein internatskule for studentar som ville bli prestar eller gå inn i anna teologisk arbeid. I 1982 vart sjølve skulen nedlagt. Då hadde skulen vore i drift i 120 år. Den er seinare eit sentrum med kurs for teologisk vidareutdaning særleg innan Svenska Kyrkan. Skulen leiger òg ut lokale til pastoral utdaning for dei som skal bli prestar. I 1994 skreiv biskop Arne Palmqvist skulen si soge, med brei kulturhistorisk samanheng. Han hadde sjølv vore elev der. Og her går det fram at skulen har blitt meir humanistisk og kulturell enn før. Det førte òg med seg at skulen vart open for nye retningar i tida. Det var ei utvikling over lengre.
Fjellstedt hadde faktisk lite og ingen ting å gjera med den skulen som bar namnet hans etter 1862. Han brukte nå mest tida si til forkynning og skrivearbeid med tanke på ei folkevekking. Han såg at det var naudsynleg i Sverige. Han hadde tent misjonstanken i landet før. Han såg korleis ei sløv ånd kraup inn mellom kristenfolket. Nokre år var han kapellan hjå venen domprost Peter Wieselgren i Gøteborg til 1872. Då reiste familien til Württemberg til kona sin familie. Men ho døydde alt i 1876 og han kom attende til Sverige. Då budde han den siste tida i eit par små rom på skulen ”sin” i Uppsala til han døydde 4. jan. 1881.

Bibellærar
Fjellstedt er kanskje mest kjend her i landet for sin store Bibel med forklaring i tre bind. Dei siste generasjonane er han kanskje ukjend for. Men tek ein eit par steg attende i tida, var Bibelen hans nytta av predikantar og andre. To tre bibelbøker vart omsett til norsk, m.a. Matteus-evangeliet, Profeten Jesaja og Salmane er kjent. Eg kjenner ikkje til om heile Bibelen kom på norsk. Min svenske tre-bindsutgåve er frå 1875-86 og har vore eit kjært hjelpemiddel til å skjøna Bibelen utan å vera redd for liberale innslag og omtolkingar.
Matteus-evangeliet av Fjellstedt var utgjeven på norsk i 1867 ved Andr. O. Olsens forlag. Og Salmane var omsett av lærar ved Misjonsskulen i Stavanger E. F. Eckhoff, og utgjeven av W. E. Lønnings forlag. Eckhoff var lærar ved Misjonsskulen frå 1859 til 1864. Salmane må ha kome ut før 1864, og Jesaja ikring 1866 då han var styrar ved Misjonsskulen. Dette viser at Fjellstedt var kjent i Noreg svært tidleg.
I boka om Salmane har Eckhoff skrive eit interessant føreord. Han har hatt korrespondanse eller anna kontakt med Fjellstedt som har godkjent at noko kunne utelatast eller endrast. Men Eckhoff har òg føydd til einskilde merknader og sitat og viser det ved klammer. Slik er det òg i Matteus-kommentaren. Omsetjaren ”anbefaler den til alle slike hjerter, som ikke søker kjødelig visdom, men den enfoldige og usminkede sannhet i Kristus Jesus”. ”Den ekte evangeliske Ånd og enfoldige enkelhet i form … gjør den så skikket til å forkynne evangeliet for de fattige.” Det er ein god attest, som viser at Fjellstedt var nytta av forkynnarane, og at det var sunn og god teologi der.
---
Dr. Theol. Herman Schlyter i Lund kalla han ”ein framståande bibelteolog”. I 1853 hadde forresten universitetet i Halle utnemnd Fjellstedt til Dr. Theol. Alt dette støtta opp om at han var ein bibellærd mann. Og det viser att i Bibelforklaringane hans. Her får me både hans eiga bibelomsetjing og noter som forklaring.
Dette hang òg saman med at han var litt av eit språkgeni. Han kunne tala 12 språk, skriva 16 og lesa 30. Mellom desse var grunnspråka til Bibelen. Slik var han godt rusta som bibellærar.
Men han var ikkje ”lærd” i tale og skrift. Ein seier om han at han ”forente en enfoldig barnlig tro med rike evner”. Det er ikkje alltid dei som slår om seg med fine ord som har mest kunnskap. Difor tok folk flest godt imot han. Dei skjøna kva han meinte.
Me vil sjå litt på denne Bibelen. Etter skikken i tida brukar han ein lang tittel på boka: ”Biblia, det är All den Heliga Skrift, Med Förklaringar.” Desse tre binda kom ut i åra 1849-1855. Dermed er det truleg at far til Lina Sandell, presten Jonas Sandell som døydde i 1858, hadde desse bøkene.
Denne bibelforklaringa vart mykje lest. Fram til 1886 kom dei i 9 opplag.
Bøkene er bygt opp etter denne ”malen”: Heile bibelteksten er skriven, vers for vers. Og det ser ut for meg som at han der fylgjer ein bibel som var nytta i Sverige på 1800-talet. Men så noterer han kva grunnteksten seier der den kan tolkast og omsetjast annleis. Eg har samanlikna ein del tekstar med ei eldre svensk omsetjing, den såkalla Karl XII’s bibel frå 1703, utgåve 1873. Og desse er stort sett like med få unnatak og litt rettskriving. I tillegg har han så forklaringar til ein del vers. Somme av dei er korte og andre ganske lange. Ikkje alt treng forklaring. Nokre gonger kjem ei forklaring etter eit avsnitt som heng naturleg saman.
Hovudtråden eller tendensen i alle forklaringane er ein klår truskap mot Skrifta. Så langt eg har sett, er det ikkje nokon freistnad på å bortforklara eller omtolka etter tankane i tida. Og då vert Ordet til oppbygging sjølv om det ikkje har form av andakt.
Ein viktig tråd er profetiane om Messias i GT. Dei har mange sett svært ulikt på gjennom tidene. Og her skal me vera varsame med å ri kjepphestar. Men Fjellstedt tolkar mange fine tekstar messiansk slik kyrkja har gjort frå tidlege tider. Han vil ikkje fylgja rasjonalismen som nyttar vårt eige vit og fornuft som tolkingsregel. Her finn me derimot NT som nøkkel til GT.
Heilt frå 1. Mos. 3,15 går desse trådane om Messias i Skrifta. Han byrjar forklaringa av dette verset slik: ”Dette er det første evangelium på jorda, ein lovnad om Kristus, at Han skal vinna over synda, døden og helvete, og fria oss frå synda si makt (syndens velde).” Deretter forklarar han meir inngåande og viser til NT, t.d. Gal 4,4. Den same tanken ligg i kap. 12,3 om velsigninga ved Abraham: ”Abraham kunne vel skjøna at denne lovnaden siktar til den frelsaren som skulle føra utløysing og velsigning til jorda.”
Og lat oss berre nemna eit tredje vers, nemleg kap. 14,18ff. om kong Melkisedek. Her skriv han m.a.: ”Han var eit førebilete på Kristus, som er rettferds konge, ved at han skaffa til vegar den rettferda som dei får som trur på namnet hans. Og ved sin Ande gir han dei nytt liv og vilje og kraft til å vandra i rettferda… han er førebilete på Kristus ved at Kristus er frelsar for heile verda, og at riket, makta og veldet er hans, slik at alle land og alle folk og tungemål skal tena Han.”
Slik kan me lesa oss gjennom bøkene i den gamle pakta – og sjå lys over framtida ved Kristi gjerning. Her har mange tapt mykje i vår tid.
I NT kjem oppfyllinga, som ei samanhengande stadfesting av profetorda som fedrane hadde. Her er kremen av evangeliet. Og her finn me den bibelske etikken, t. d. ved formaningar i breva. Han byrjar forklaringa over Rom. 12 slik: ”Nå fylgjer enkelte formaningar til at Evangeliet) skal visa si frukt i livet. Den truande blir gjort rettferdig av berre nåde utan tanke på gjerningar, men nåden bringer fram gode gjerningar.” Det er klår tale. Ikkje einsidig, men dobbelsidig er kristen lære. Det er den sunne trua. Vår tid treng den òg.
I tillegg til kommentarar er det fleire gode register i hans ”Bibelverk”. Det eine store registeret er over alle namn, stader og hendingar i Bibelen. Det tek til med Aron i 2. Mos. 6, og sluttar av med Suriel (Zuriel) i 4. Mos. 3, 35. Somme personar er her fyldig omtala, men heile tida med tilvising til Bibelen, t.d. Kristus (Christus) og David.
Det andre store registeret er over trusartiklane i Skrifta. Det går alfabetisk frå A og Ö som namn på Jesus i Op. 1 til ”Öron” om Gud som høyrer alt, Salme 10. Somme stader er det relativt lange artiklar om eit emne, t. d. arvesynda. Og heile tida er det tilvising til bibelstader. Desse registera liknar elles på vår Bibelnøkkel eller konkordans ”Hva sier Guds ord”. I tillegg er det og eit omfatande kronologisk oversyn etter Luther, Calvin og Calovius, tabell over månadene på hebraisk og register over profetord i GT som me finn att i NT, samt tabell over mål og vekt m.m. Bibeltilvisningar i Fjellstedts Bibel er noko annleis enn i våre biblar, nokre gonger fleire og andre stader færre.
Første gong kom desse forklaringane i hefter etter kvart som han vart ferdig med dei. Men han fekk hjelp til nokre skrifter. Professor C. W. Skarstedt har slik skrive tolkinga til Matteus, Johannes, Romarbrevet, Korintarbreva og Openberringa.
- I ei tid med få hjelpebøker for bibelstudentar, må dette ha vore til stor nytte. Han skreiv elles ein del anna som ei omsetjinga av vedkjenningsskriftene i den lutherske kyrkja, ei bok om det åndeleg presteskapet, ei bok med framtidstankar, ei katekisme med 598 spørsmål der alle svara er bibelsitat. Han skreiv òg om forsoningslæra, der han gjekk imot den subjektive forsoningslæra til Waldenstrøm, og ein sjølvbiografi.
- Det kan nok vera at ved einskilde forklaringar kan nokre av oss tenkja litt annleis. Slik er det i grunnen alltid, av di me er så ulike og er ulikt utrusta. Her har eg tala om hovudsaka i kristentrua.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.