fredag 21. januar 2011

26) Brochmand, J. R.


Ein audmjuk tenar -
Brochmand, J. R.


Brochmand sin postille var ein av dei mest brukte andaktsbøkene i minst to hundre år, skriv prof. Carl Fr. Wisløff i boka ”Gjør en evangelists gjerning”, 1998. Då må bodskapen hans ha nådd langt og mange vorte påverka av han. Wisløff skriv òg at i boka ”finner du i sannhet livets ord”.
Det er difor god grunn til å henta han fram frå støvete bokhyller. Mitt inntrykk er at Brochmand var ein audmjuk kristen. Det ser me av livssoga hans og preikene hans. Skal me fylgja nokre spor etter denne trauste mannen?

Soga hans.
Me må ta nokre raske steg i soga hans – det viser kven han var. Jesper Brochmand var dansk, fødd i Kjøge i 1585. Faren var borgarmeister der i byen. I dei første fem åra fekk han opplæring i kristendom av foreldra, då vart han sett i latinskulen til han var tolv år. Då kom han på den adelege friskulen Herlufsholm i fire år og vart så student. Han var to år på skule i Leiden i Holland og to år i Frisland.
Så gjekk vegen attende til heimstaden. I 1608 kom han attende til Herlufsholm, vart magister i filosofi og rektor på skulen. Og no byrjar ting å skje. 25 år gamal vart han professor i latin, 28 år gamal i gresk og professor i teologi 30 år gamal. Same år vart han doktor i teologi ved universitetet i København. Denne tenesta hadde han i 23 år.

Biskopen
Det er altså grunn til å festa augo ved han – ut frå desse kvalifikasjonane. Men det skjedde meir som gjer at me bør lyfta augo litt mot Brochmand. Biskopen på Sjælland var då Hans Poulsen Resen som døydde i 1638, han hadde hatt mykje å seia for ei sunn luthersk utvikling i kyrkja.
Kong Kristian den fjerde sende då bod til Brochmand at det behaga kongen at han skulle ta over bispeembetet. Brochmand bad inderleg til Gud over saka, men sende avslag og bad kongen gje embetet til ein som var betre skikka. Dei fornemste prestane i stiftet burde kallast saman og velja den dei meinte var mest skikka.
Dette behaga òg kongen og han kalla prestane saman. Alle som ein stemte på den audmjuke professoren, og våren 1639 kom han til slottet og avla eid som biskop, 55 år gamal. Det var biskopen i Skåne (som då låg til Danmark) som vigsla han til embetet. Då kong Kristian døydde, var det Brochmand som heldt liketale for han – på latin. Deretter fekk han så krona kong Fredrik den tredje til ny dansk-norsk konge. I bispetida si vigsla han 11 menn til bispar og ordinerte 274 prestar.
Også i denne tenesta – som gav han større inntekt og makt – viste han ei audmjuk haldning. Dei hadde alltid levd enkelt og helst fattig og vore nøgde med det. Då han vart biskop, gjorde han og kona den lovnaden at dei skulle gje heile bispeinntekta til dei fattige og trengande. Men han gjorde det klart at ingen ting av dette skulle verta sagt på preikestolen. Han såg nok på æra av menneske som både skadeleg og uvesentleg.
Han og kona Sille hadde berre ein son som levde opp, og han døydde ugift 23 år gamal i London. Brochmand sjølv døydde etter ei tid med sjukdom i 1652, vel 66 år gamal.

Skrifter
Brochmand skreiv fleire bøker, nokre var oppgjer med katolikkane, m.a. med tanke på jesuittane. Han kjempa òg mot dei reformerte. Om den lutherske læra skreiv han ein stor dogmatikk i 1633. Dette verket vart mykje brukt, til og med i Tyskland, og ein meiner det vart avgjerande for dansk teologi. Det er prega av ”overveldende lærdom” (Kirkeleksikon for Norden).
Den viktigaste boka for folk flest vart likevel postillen hans, kalla Sabbati Sanctificatio frå 1635-38. Det var den mest brukte andaktsboka i den danske kyrkja og vart nytta og trykt langt ut i 1800-talet.

Bodskapen
Generelt kan me seia at Hus-postillen til Brochmand er prega av sunn og streng luthersk teologi. Han levde i ortodoksien med vekt på den rette læra. Men han braut med dei ortodokse som hadde ei død tru, var likeglade og nøgde med kyrkjegang og sakrament. Fleire i denne tida klaga over at det var slik – det var vakne leiarar i Guds rike som samanlikna si eiga tid med bodskapen i Bibelen. Og her ligg faktisk spira til den seinare pietismen.
Slik var Brochmand òg. Han såg det mange ikkje såg. Og han preika det for folket. Slik folket levde då, er eigentleg uttrykk for ei forfina lovgjerning. I preika over Mat. 5, 20ff seier han rett ut at nokre menneske er komne så langt at dei meiner dei kan stå seg for Gud med sine eigne gjerningar. Og her viser han til Mat. 19, 16ff der den unge mannen seier: Det har eg halde frå ungdomen av. Slik tenkjer ikkje dei sanne Guds born, skriv han, dei byggjer heile si frelse på berre nåde og Jesu blod og rettferd.
Når me les og høyrer slik forkynning, kjenner me oss trygge. Og det er nett her Guds born skil seg frå farisearen: Kva byggjer eg frelsa mi på?
Ser me på talane hans, korleis dei er bygde opp, merker me eit par viktige saker. Det eine er at han brukar mykje bibelord. I ein tale kan han sitera over 70 ulike bibelstader, fleire gonger med fleire vers i kvart sitat. Det styrkjer talen, me ser det er Gud som talar. Og han driv ikkje puslespel-teologi med tilfeldige bibelsitat. Nei, her underbyggjer han læra med bibelord frå ulike stader om same saka, og det kastar lys over tema. I det høve ser me at han òg brukar ord frå dei apokryfiske bøkene.
Han fylgjer òg ein tråd gjennom talen og samanliknar vranglæra med dei sanne truande si lære og liv. Me får ei kjensle av at heile Bibelen lærer nett det han skriv om.
Eit døme på ein slik tale, kan vera om Luk. 18, 9-14 om tollaren og farisearen si bøn. Her talar han om det rette sinn for Gud og dermed om svar på bøn. Og så kjem han med fleire døme frå Bibelen. Spørsmålet er: kven får svar på bøn og kvifor? Korleis var Job, David, Daniel?
Det var godt at både farisearen og tollaren gjekk opp i templet for å be. Gud har sagt at me skal gjera det. Det viser han så med om lag ti bibelvers. Det var òg bra at farisearen vakta seg vel for grove synder, som han seier til Herren. Det er ikkje dette Jesus talar mot. Det urette var å stola på det, byggja på det me sjølv var og meina at me ER noko framfor Gud.
Her viser han til Laodikea. For slike sjølvrettferdige menneske har ein tendens til å forakta andre og meine seg sjølv betre enn andre. Men det er fråfall. ”Ver viss på at bøna di aldri er rett for Gud og aldri er du rettferdig for han, om du foraktar andre.” For denne forakt gjeld òg Gud – du foraktar han. Han viser altså tydeleg at det er samband mellom gudstru, gudsliv og svar på bøn.

Mykje av det me har sett hjå Brochmand – og det er berre ein liten brøkdel – er aktuelt i våre dagar. Me treng vakne leiarar som ser rett på si eiga tid - i lys av Guds ord. Det er fyrst då me kan vera rette bodberarar for Gud. Og me treng bodberarar som vågar å tala det Bibelen lærer, sjølv om menneska vender seg frå oss.
Wisløff skreiv om Brochmand og sa at han var ”stolt over å eie et eksemplar av denne boken” (postillen). Det er god anbefaling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.