fredag 21. januar 2011

23) Christian Scriver

Sjele-skattens far:
Christian Scriver

 
”Hva forstår en hane seg på en kostbar perle?” spør Christian Scriver i føreordet til si store bok ”Sjæle-Skat”. Og slik er dei verdslege menneska i høve til det heilage og Guds ord. Dei skjønar det ikkje. Difor vil han forklara og skriva om det. Og det gjorde han flittig.
Scriver kom til verda 2. jan. 1629 i Holstein i Tyskland. Han vaks difor opp i trettiårskrigen i Europa. Faren døydde tidleg, men han hadde ofra og vigsla sonen til teneste for Gud alt i barndomen. Slik hadde han ein stor arv, sjølv om krigen tok heile formua til familien.
Han fekk forresten ein heller dramatisk barndom med fleire ”nær-døden-opplevingar”, og slike hadde han eigne erfaringar som kom vel med når han skulle skriva om sjelelivet til hjelp for andre. Og dette heldt fram i hans vaksne liv. Fire koner miste han og ti born. Sjølv om det var meir vanleg då enn nå, representerer desse 14 gravferdene i heimen eit hav av sorg og tunge netter.

Yrkesliv
Utdanninga tok han i Rostock frå 1647. Ein arv frå fetteren T. Heber gjorde det mogeleg. Etter seks år vart han diakon i Stendal og pastor i Magdeburg frå 1667. Der var han i 23 år. Han var så trygg på at han skulle vera i Magdeburg til han døydde, at han let byggja gravstad til seg og familien ikr. 1680.
Då fekk han forresten eit par spesielle kall – som hoffpredikant både i Berlin og i Stockholm. Det var særleg dronninga av Sverige som ville ha han til landet sitt. Ho tilbaud han all hjelp han trong til å flytta og ottast for at han var for gamal til å reisa så langt. Difor stilte ho til disposisjon seng eller bærestol for å frakta han til Sveariket. Då søkte Scriver mange råd m.a. ved universiteta, men takka nei.
Tre år seinare slokna han, 64 år gamal, etter 40 års teneste i kyrkja.

Skribent
Det er likevel ikkje som prest han sette spor etter seg. Det var som forfattar. Han byrja tidleg å skriva, og han hadde ei lett penn og god fantasi til å finna og skapa bilete av dei åndelege røynslene. Det gjorde at folk kjende seg att og fann hjelp.
Han etterlet seg fleire skrifter. Ikkje mindre enn 23 skrifter er funne etter han. I tillegg skreiv han om ”Døds-tankar”, men det vart visstnok ikkje trykt då manus kom bort. J. G. Pritius, som skreiv føreord til utgåva frå 1723 av Sjele-skatt, nemner ennå ei bok: Scrivers Enke-trøyst. Alt dette vitnar om stor arbeidskraft og klåre tankar om kristen tru.
Likevel er det ei bok som står att som bauta over Scriver: Det er det store verket: Sjel-sakatt del 1-5. Ikkje noko oppbyggingsskrift i seinare tid kan truleg liknast med dette. Og Gunnar Dehli skriv om i innleiinga til boka i ”Hovedverker av den kristne litteratur” i 1929 slik: ”Av alle opbyggelsesbøker finnes det neppe nogen som i våre besteforeldres dager og i eldre tider har ført mer kristendom inn i Noreg enn Johan Arndts ”Sanne Kristendom” og Christian Scrivers ”Sjeleskatt”.
Nå er det 75 år sidan den vurderinga. Ein refleksjon kjem i alle høve nokså kjapt: Vår tid treng ein sterkare kristendom enn det me ofte ser i folket vårt. Dei gamle oppbyggingsskriftene hadde ei kraft i si tid som vår tid treng.

Sjele-skatten
Kva handlar desse fem bøkene om? Er det noko der som kunne verta ein vekkjar for folk, og kunne leia dei på rett veg mot æva?
Ytterst få i vår generasjon har truleg lese noko særleg i dette store verket på 2642 store sider i den komplette danske utgåva frå 1888/1892. Den norske frå ikr 1860 er diverre ei forkorta og fri utgåve.
Det handlar altså om den udøyelege sjela. Han byrjar med å visa kor stor verd sjela har. me er jo skapt i Guds bilete. Gud hadde høge tankar om oss. Det ser me både ved at Gud er skapar, sjela er udøyeleg og særleg ved den pris Gud betalte for å løysa oss ut. Eg meiner, skriv han, at eit einaste blikk i tru på den krossfeste Frelsar, er nok til å dempa syndelysta.
For Scriver veit vel at sjela vår er fanga i synd. Difor skriv han kraftig og sterkt om syndefallet. Me er ved fallet gått over frå eit Guds bilete til eit Satans bilete, skriv han. Så djupt er fallet. Djevelen styrta mennesket i forderving ved å så tvil om Guds ord.
Hjarta er vondt, og difor vert alle gjerningar vonde, ja, der er ”eit hemmeleg hat mot Gud” i hjarta vårt. Difor er det vår eiga lyst som lokkar oss til ytre og indre synder. Djevelen nyttar dette til å forføra menneska der dei er svakast.

Berging?
I andre del av verket skriv Scriver om frelse frå synda. Og då talar han om omvendinga. Her er ingen tale om å verta snill og god og koma inn i eit godt miljø så ein verte kristne på utsida. Han talar om anger, bot og omvending. Og det er ikkje ”ei ringe sak”, men det ”fører med seg ei fullstendig endring og fornying”. Det er ikkje som eit gamalt ormstukke tre som ein malar med ny farge. Nei, ”Kristi blod trenger med si kraft gjennom til sjela si inste grunn”.
Me kan ikkje venda om av oss sjølve. Omvendinga ”er berre ei rein nådegjerning av Gud”. Men han vil minna oss om at me treng omvending og må be om det. Men det er inga lettvindt omvending og frelse Scriver kjem med. I talen over Joel 2,12 skriv han: ”Det syndige hjarta må knusast og rivast sundt, før det kan fatta trøysta frå evangeliet. Det må først vita kva synda og Guds vreide er, før det kan få visse om Guds nåde i Kristus.”
Og då kjem eit menneske sin ”allerlykksaligste tilstand”, nemleg ”å liggja med eit botferdig og truande hjarta ved føtene til den krossfeste Herre Jesus”. Og det er berre trua på Guds nåde som kan føra oss dit. Guds nåde ”er ein stor straum og den Herre Jesus med si forteneste og rettferd er ei uuttømande levande kjelde for denne straumen”. Denne lukkelege tilstand er at trua vågar å seia: Denne Jesus er min!
Så er syndaren rettferdig – ikkje i seg sjølv, men i Guds Son. Og denne frelse held i død og dom.

Kross og trengsel
Ein frelst syndar er ikkje framme ved målet. Han har kanskje mange år å leva i denne verda. Dette talar Scriver om i del 4-5 i Sjeleskatten. Der handlar det om dei mange krossar sjela må bera, om trengsler, sorg og anfektingar. Det er ein kamp og strid som er naudsynleg for å nå fram. Me skal ikkje gå inn på dette her.
Me skal berre visa til at himmelen er målet, som siste del talar om. Men eigentleg kan ingen forklara eller skildra himmelen. ”Tungen er for svak.” Men Christian Scriver ville meir enn noko anna tala slik at sjelene fann livet i Gud og nådde målet. Han levde i ortodoksitida då den rette læra var viktig. Og sjølv lærde han mykje av Johan Arndt, død åtte år før Scriver vart fødd. Men det er vanskeleg å setja Scriver i bås med andre typiske teologar i denne tida. Han er meir ein forløpar for pietismen med sin personlege kristentru og forkynning.
Det er nett dette me treng i vår tid. Difor skulle me hatt desse bøkene i ny drakt, utan for mykje avkorting. For den som får smak på noko godt, vil gjerne få tak i meir. Scriver skriv sjølv i fortalen til Sjele-skatt om dette slik: ”Erfaringa vitnar om at hungeren veks til meir dei gudfryktige sjelene tek imot, og trongen aukar og veks hjå dei til meir dei får nyta av dei himmelske og guddommelege tinga”.
Har folk i dag ”ete” for lite, når trongen er så liten? Det bør ein tenkja over nå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.