onsdag 19. januar 2011

6) Johan Arndt - kort

6) Johan Arndt- kortversjon.

Det var han skreiv om den sanne kristendom

Somme menneske står i ein særstilling i soga – både profan og kyrkjeleg soge. Det gjeld faktisk både på godt og vondt. Somme får difor meir å seia for utviklinga på lang sikt enn andre. Og nokre kristne lærefedrar i eldre tid bør me ikkje gløyma. Dei hadde eit innsyn i kristen tru og liv som er heller sjeldan. Og det er fare for at nett vår tid har mange lette ”lærefedrar” og det er trong for å gå attende til kjeldene. Det er fare for at rett mange yngre forkynnarar og leiarar kjenner lit og inkje til lærefedrane i kyrkja.
Ein av dei er Johann Arndt. Han var ”ein av lutherdomen sine fremste oppbyggingsforfattarar”, står det i Nordisk Teologisk Uppslagsbok bind I. Og Kirkeleksikon for Norden kallar han ”ein av de mest leste forfattarar til oppbyggingsbøker innan den protestantiske kyrkjeavdelinga”. Spener sette han faktisk ved sida av Luther når det gjaldt kva skriftene hans hadde hatt å seia. Er det slik, er det god grunn til å sjå nærare på denne mannen med tanke på vår eiga tid.

Liv
27. des. 1555 vart Johann Arndt fødd i Anhalt i Tyskland. Han var presteson der, men vart farlaus ti år gamal. Vener hjelpte han så han fekk studera, og han tenkte på å verta lærar. I ein kraftig sjukdom lova han Gud å studera til prest om han vart frisk. Då var han m.a. i Wittenberg og Basel der han til og med underviste i Romarbrevet. Ein gong heldt han på å drukna i Rhinen, men ein baron berga%2

han frå ein viss død.
27 år gamal vart han prest i Ballenstedt, og gifte seg same år med Anna Wagner. Han var prest fleire stader m.a. Braunschweig, men hadde motstand frå dei reformerte. Kanskje dette var grunnen til at han tok til å skriva ei bok om den sanne kristendom. Første del kom ut i 1605, utan at han då skjøna kor mykje denne boka skulle få å seia seinare.

Sann kristendom
Johann Arndt er truleg mest kjend i ettertid for den store boka om ”Denne sanne kristendom”, del 1-4. Ein del utgåver har berre med del 1-3. Den endelege utgåva hadde seks delar, der dei to siste var samandrag av andre skrifter av Arndt. Første del kom i 1605, og resten fire-fem år seinare.
Han hadde eit konkret og spesielt siktemål med boka. Dette var midt i ortodoksien med vekt på rette, teoretisk lære. Utviklinga hadde vore mot ei død tru hjå mange av dei lærde. Studentar og prestar var prega av tida.
Arndt hadde eit anna syn. Han ville føra dei truande frå ei død tru og kristen teori til ei levande tru som bar frukt for Gud. Difor viser han òg korleis det rette truslivet er, og at det er samsvar mellom den rette læra og det rette livet. Nå vart det ikkje berre Kristus for oss, men like mykje Kristus i oss. Slik var han saman med t.d. Chr. Scriver ein forløpar for pietismen som kom på 1700-talet. Til siste delen av boka høyrer ”Paradis urtegard”, ei omfatande bønebok.

Bodskapen
Overskriftene i dei tre første bøkene er talande og viser kva Arndt legg vekt på. Den første boka som kom i 1605, er om Skrifta. Her talar han om at mennesket er skapt med Guds bilete i seg. Det endra seg totalt ved syndefallet. Då røva mennesket æra frå Gud, ved at det sjølv ville vera Gud. ”Etter den tida er mennesket åndeleg død, eit vreiden og fordøminga sitt barn”, så lenge det ikkje er frelst. Mennesket ”er gått over frå å vera Guds bilete til å verta Satans bilete og reiskap”.
Det er sterke ord. Han meiner ikkje at me har vorte ”små-djevlar”, men brukar sterke bilete for å visa kor ulike me syndarar er i høve til opphavet. I oss kan det då ikkje verta noko anna enn vonde frukter i livet. Og det verste er at ”eg ikkje kan erkjenna eller skjøna nok kor elendig eg er”.
Difor må frelsa vera radikal – ein helt ny fødsel. Berre ved fødsel får me ei ny natur. Difor må me venda om og tru på Kristus. Det er vegen til det nye livet. At den nye fødselen er trua på Kristus, kjem tydeleg fram i talen på Trieiningssundagen med tekst frå Joh 3 (i preikesamlinga hans). Mot slutten skriv han om slangen i øydemarka og seier: ”Ved det lærer han oss kva den nye fødsel er, nemleg ikkje anna enn når eit menneske ved trua i kraft av Kristi forteneste tek imot forlating for alle syndene sine, Kristi rettferd, barnerett og den evige arven (…). Så er no den nye fødsel trua, den hjartelege tiltru og fulle trøyst til Kristus og hans liding og død.” Det er av nåde, ved trua og dåpen, seier. Her er det ikkje nok berre ein er døypt, slik me har ei kjensle av at mange meiner i dag. Arndt vil ha fram den personlege trua og kristendomen.

Men Arndt strekar òg sterkt under at det nye livet må visa at me fylgjer Kristus. Her er han ein sann pietist. Og her er han streng: ”Alle som er ubotferdige, stolte, gjerrige, lever i vellyst og misunning, dei lever i djevelen og er gjennomsyra av djevelen si vonde natur. Dei kan smykka seg på utsida så herleg dei berre vil, dei vert likevel djevelske i hjarta.”
Difor må ein kristen eigentleg hata og forakta sitt eige liv her i verda. Me må slutta å elska oss sjølve og dagleg døy frå synda. Dette er noko av kampen i ein kristen mellom kjøt og Ande. Synda vil alltid vera i oss, men ho skal ikkje herska over oss.

Preikesamlinga
Dei gamle teologane var flinke til å gje ut hus-postillar eller preikesamlingar over alle helgedagar i året. Med det nådde dei ut til mange fleire menneske enn dei som sat i kyrkja deira. Alle tekstane samla vil bli ein god dogmatikk over kristen tru.
Johann Arndt er streng i sin forkynning. Han talar mot synder og ulivnad, mot vantru og sløve kristne. Alle må fødast på nytt til nytt åndeleg liv. Og alle kristne skal leva i samsvar med trua. Her er klåre tonar og ikkje rom for noko kompromis.
Me merker òg at han disponerer stoffet godt, gjerne i to store hovuddelar som han så legg ut i detaljer. Det lettar forståinga.

Strid
Det er klårt at dette måtte føre til kamp og strid. Det naturlege mennesket reagerer på alt det som vil dempa livshugen der. Reaksjonen på boka var tredelt. Vanlege småkårsfolk tok godt mot boka. Dette var ein bodskap dei trong, og som dei kjende seg att i.
To andre grupper var nok samde i kritikk av boka, men med ulik grunngjeving. Nokre lærde teologar såg kor populær Arndt vart mellom folket, og misunninga sin kvasse tistel vaks opp. Dei skulda han for å vera katolsk og kalvinist og mykje anna.
Andre hadde læremessige grunnar for motstand. Det var både ortodokse teologar som meinte dette var galt, dei heldt seg til den objektive læra og forakta det personlege og subjektive.
Han fekk ikkje gje dei andre delane av boka på grunn av sensur i landet. I 1608 sende han difor manus som gåve til venen Johann Gerhard. Men same år fekk Arndt kall til Eisleben, og då fekk han heile boka trykt i Magdeburg. Men striden var nok ikkje slutt. Likevel fekk han tiltru hjå dei leiande og vart utnemnd til superintendant i Braunschweig i 1611. Ti år etter tala han for siste gong – over Salme 126, 5. Etter talen sa han til kona si: No heldt eg liktalen min, og nokre dagar etter sovna han inn. Liv og teneste var slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.