onsdag 19. januar 2011

10) Daniel Nelson

Pionermisjonæren Daniel Nelson
Kinamisjonæren frå Sveio.


Av Nils Dybdal-Holthe

Mange misjonærar har reist ut frå Noreg. Me kan rekna dei i tusental når me slår saman alle selskap og kyrkjer. Også til Kina har nokre reist frå Vestlandet. Somme var ute i teneste i kort tid, andre brukte livet der ute og enda livet sitt langt borte frå heimen.


Ein av dei var Daniel Nilsen frå Sveio – på amerikansk vart namnet til Nelson. Ei dramatisk soge byrja her i Sunnhordland.

Der vogga stod
Slekta kom frå fleire gardar. Far til Daniel var Sæbjørn (Sigbjørn) Nilsen f. 1821 d. før 1884. Han kjøpte bruket Aastøleitet på Eltravåg i 1852, det var ein del av det gamle husmannsplasset Årstadleitet som vart delt i to i 1819.

Far til Sæbjørn var Nils Jørgensen frå Hinderli i Sveio f. 1789 d. 1880. Han var gift to gonger og hadde 19 born. Han bygsla plasset i 1819 og var gift første gong med Helga Halvardsdtr frå Eltravåg. Sæbjørn sitt bruk fekk seinare bruksnr. 11. I 1865 fødde dei hest, fem kyr, ein gris og 17 sauer på bruket. Dei sådde to tønner havre og 1 ½ tønne poteter. Det er noko mindre enn på broren Halvor sitt bruk der Daniel tente.

Sæbjørn var gift med Ingeborg Serine Godtskalksdtr f. 1833 frå den andre halvparten av Årstadleitet – så dei to var nære naboar! Ho var dotter til Godskalk Endresen frå Tveitastøl f. 1800, som døydde i kolera i 1849. Dei budde først på Hasseløy i Haugesund, men kjøpte Årstadleite i 1837. Kona var Marta Jensine Danielsdt f. ikr. 1803 i Haugesund.

Den 10. april i 1853 vart så Daniel fødd på Eltravåg sørvest i Sveio. Det var på eit mindre bruk og Daniel vaks nok opp i vanlege eller tronge kår med lite utsikt til rimeleg gode levekår der. Ikkje var han eldste son heller. Slik hadde nok mange det i vestlandsbygdene på den tida.

Skulen var ofte omgangsskule i dei dagar, og dette var i nåverande Vandaskog skulekrins. Eit rom som ikkje var i bruk, vart nytta til skulestove, har folk fortalt. Som 13-åring var han gjetar hjå onkelen og passa geiter. På same skulen gjekk óg ei jente som heitte Anna –ho var om lag 1 år yngre. Dei fekk opplæring i lesing og skriving og litt rekning. Og særleg lærte dei bibelsoge og Luthersk katekisme.

Eltravåg ligg om lag 2,5 norske mil nord for Haugesund, men då Daniel var fødd, var det ingen by her, men ein ”ladestad” og kjøpstad. Men berre eit par år etter vaks den nye byen fram. Dei eigentlege byane for distriktet her var likevel Bergen og Haugesund. Det åndelege klima i området var nærast haugiansk og pietistisk ved sida av kyrkja.

Fjorten år gamal vart Daniel konfirmert og drog nå ut på fiske saman med vaksne folk. Alt på første tur i båten stod det om livet. Han opplevde kulde og uvær på sjøen, og kom heim døden nær av lungebetennelse. Likevel vart han god att og heldt fram med fiske. Seinare såg han at Gud hadde berga han og ville noko med livet hans.

Deretter gjekk Daniel om bord som kokk i ein fiskebåt som skulle til Nord-Noreg, truleg til Lofoten. Dette såg ut til å bli yrket hans.

Ut i verda

16 år gammal fekk han hyre som kokk på eit skip som gjekk frå St. Petersburg i Russland til London. Han tok steget ut i den store verda. Og våren etter fekk han plass på ein fraktebåt som gjekk til Antwerpen i Holland. Han og ein kamerat må ha blitt skremd av livet om bord der, og i nattemørke hoppa dei over bord og rømde i Holland. Dei fekk hjelp av ein svenske til å koma til ein gard utafor byen.

Seinare fekk dei høyra at båten hadde gått ned og alle drukna kort etter at dei forlet Antwerpen. Denne gongen tenkte óg Daniel at Gud hadde berga han. Likevel vende han ikkje om, men følte han var langt borte frå Gud. Daniel fekk ny hyre og opplevde to gonger til at båten forliste. Også det vart nye vitnemål om at Gud var etter han. Eit anna liv venta han.

Nå var det ikkje uvanleg med forlis korkje då eller seinare. Utan vérvarsel og noko særleg å hjelpa seg med, enda mange menn sine liv på havet. Å verta berga var eit større vitnemål då om under og Gud si allmakt enn kanskje seinare.

Endå eit forlis venta han. I 1873 var han om bord i ein båt som gjekk frå USA til Kina. Båten gjekk ned i ein tyfon ved Kina-kysten, og Daniel vart berga av ein kinesisk fiskar. I Shanghai tok han hyre på ein amerikansk krigsbåt, og etter to år var han i Brooklyn. Deretter tok han båt til Hamburg og så heim til Noreg til jul.

Anna Sandvig

Heime i Sveio møtte han skulekameraten Anna att. Kanskje dei møttest ved kyrkja juledag eller ute i bygda der ungdom ferdast. Daniel fortalde om reisene sine og om eventyr på sjøen og i andre land.

Og Anna lytta. Forundra og gripen av den store verda og kva den kunne vera. Ho hadde berre vore ein tur til Bergen og teke sykurs der. Truleg levde ho av å sy til folk. Det var vanleg for ugifte kvinner.

Anna var fødd 22. sept. 1854. Faren var Peder Mikkelsen Sandvik f. 1816 gift med Ingebritta Aslaksdtr Rødmyr, ein liten gard litt sørvest for Daniel sin heimplass. Far til Anna kom truleg frå Eidfjord, og mora var dotter til Aslak Ingebrigtsen og kona Britta Steffensdt på Rødmyr (eller Rygmyr).

Anna og Daniel tykte vel om kvarandre og trulova seg våren etter. Men han måtte ut på ny tur – nå til London. Der gjekk han i sjømannskyrkja og fekk nattverd for første gong etter konfirmasjonen. Far til Anna hadde påverka han til å søkja Gud.




Nytt liv

På den nye båten vart det snart kjent at han var ein kristen, og dei kalla han ”den vesle kristne” – kanskje av di han var lågare enn mannskapet elles. Det var meint som eit nedsetjande skjellsord. Men det endra seg. Når sjøfolk vart sjuke om bord, spurde dei han om forbøn. Han hadde skapt respekt for levemåten sin der.

Han heldt heile tida kontakt med Anna og skreiv brev som vart posta når dei var i hamn. Slik kan me fylgja reiseruta hans på sjøen. For Anna gøymde breva. Frå London gjekk turen til Spania, Sicilia og Sør-Amerika.

I 1878 kom han heim att til Sveio, og han og Anna vart gifte i Haugesund. Her budde dei medan han gjekk på Sjømannsskulen der og lærte navigasjon og tok eksamen som skipsoffiser. Sjømannsskulen i Haugesund byrja i 1874, så Daniel gjekk der i ein tidleg fase. Haugesund vart etter kvart ein viktig sjøfartsby med fleire reiarlag. Skulen hadde 63 elevar først året, og dei heldt til i Strandgata 97 på den tida Daniel gjekk der. Seinare vart skulen flytt lenger opp i byen.

Etter dette måtte Daniel ut att på ein ny langtur, og lengta heile tida heim att etter å sjå den vesle jenta (Nora) som var fødd då han var på havet.

Endå ein ny langtur skulle han ut på, nå som styrmann på eit engelsk skip i fart mellom London og New York. På turen vestover var mange emigrantar med, dei gleda seg til å byrja eit nytt liv i Amerika. Daniel vart gripen av dette, det ein kalla ”Emigrantfeber”. Tidleg på våren 1882 var han viss: sjølivet måtte ta slutt. Han ville bli farmar i den nye verda.

Ein onkel budde i Iowa, og han oppmuntra sjømannen til å gå i land. I mai 1882 reiste så Anna, Nora og Daniel til USA via London. Vel framme i New York tok dei toget same dag til Iowa. Her slo dei seg ned i nærleiken av Eagle Grove. To år etter organiserte dei ein norsk luthersk forsamling der Daniel vart ”diakon”.

Misjon

Etter sju år som bonde, byrja eit nytt kapittel i Nelson-familien. Ein varm sommardag i 1889 la han tak på huset som då vart utvida og påbygd. Tankane gjekk til kinesarane som han møtte ved forliset mange år før. Dei kjende ikkje evangeliet! Han fekk truleg òg lesa brev frå Ole Næstegaard d. e. som stod i bladet ”Lutheraneren” i 1889. Næstegaard var kinamisjonær.

Daniel kjende det slik at Gud tala til han og bad han gå til Kina. Det ville tyda ei veldig omvelting for heile familien. Korleis ville det gå?

Det kan sjå ut som om han var lett å påverka og hadde eit sterkt kjensleliv. Han var snar til å bryta opp heimefrå, og han hadde hatt eit uroleg og dramatisk ungdomsliv på sjøen. Det omskiftande livet kan ha gjort han open for nye ting og planar.

I dette høvet svara han ja til kallet og fekk kona med på det, sjølv om ho ikkje trudde ho hadde noko misjonskall. Ho hadde til og med bede Gud om å senda ein annan i denne tida. Det skreiv ho mange år etter. Då reisa endeleg var avgjort, sat ho for seg sjølv om tenkte gjennom alt dette. Til slutt gav ho Gud rett og sa: ”Herre, din vilje skje!”

Ikkje alle var overtydd om at Daniel skulle bli misjonær. Ein pastor talde han frå og gjorde han motlaus. Ein nabo spurde Anna om mannen var klår i ”sinnet”. Daniel sjølv tok straks affære og reiste til Minneapolis og gjekk eit år på bibelskulen ”Augsburg Seminary” Sumaren 1890 var han i Valparaiso, Indiana, på eit sommarkurs i bedriftsleiing. Slik førebudde han seg på fleire måtar.

Men han fekk ingen til å støtta seg ved utreisa. Dei sa han var for gammal – han var 37 år, og hadde for mange born og heller ikkje nok utdanning. Motstandarar finn alltid argument. – Men to andre nordmenn var nå på veg til Kina og stansa i Amerika nokre månader. Dei var ugifte og kunne lettare klara seg med lite. Daniel fekk kontakt med dei som oppfordra han til å dra til Kina. Ole Næstegaard jr. og S. Netland reiste først, og Daniel møtte dei seinare i Hankou (nå: Wuhan).

Loddet var kasta, og Daniel fekk ein nabo til å selja dyra og garden, og han kjøpte billettar til Kina. Eit nytt livskapittel skulle byrja.

Misjonsvekking

Me har alt sett at Daniel Nelson ikkje stod åleine som nordmann med tanke på misjon i Kina. Alt i 1887 var det planar om å skipa eit skandinavisk misjonsselskap i Oslo, sjølv om det ikkje vart noko av då. Misjonsvekkinga hadde byrja og skapt interesse og offervilje.

Om lag 20 år før hadde Hudson Taylor i England skipa Kina Innlandsmisjon (forkorting på engelsk: CIM). 25 år etter var det etter måten mange misjonærar i landet. Men Kina var stort og vrimla av folk. Før H. Taylor hadde Griffith John frå England vore der frå 1861. Og i 1885 reiste to norske kvinner til Kina, Sofie Reuter og Anna Jakobsen.

I tida før 1890 var det óg tysværbuen Sivert Gjerde gjekk med kall til Kina. Han reiste ut med nokre få støttespelarar i Noreg, men fekk berre nokre månader i landet. I 1891 vart så Det Norsk lutherske Kinamisjonsforbund til. Same år reiste fleire til Kina. Det var med andre ord ei aktiv ”Kina-tid” me talar om nå.

Daniel var altså ikkje åleine. Og han visste det. Han kunne rekna med å møta både norske og utanlandske arbeidarar der borte i aust. Men var det sikkert at dei ville ta imot han og hjelpa han fram i arbeidet? Han måtte ha ein attest med seg som viste at han var ein truverdig Guds tenar.

Kanskje dette låg bak då han bad om brev frå bibelskulen i Minneapolis. Georg Sverdrup var styrar (president) der, og han skreiv anbefaling på skulen sitt offisielle papir den 15. okt. 1890. Der stod det:

”Med dette attesterar me at herr Daniel Nelson, som er misjonær til Kina, tilhøyrer den lutherske kyrkja, er gift, og reiser til Shanghai i Kina med kona Anna Nelson, og fire born: Nora, Peder, Sigvald og Bertine. Med dette anbefalar me han og familien til dei tenester og hjelp som misjonærar vanlegvis får.” (Fritt omsett.)

Dei hadde med seg dette dokumentet, billettar og 500 $ frå salet av farmen då dei reiste ut frå Vancouver i Canada. 30. nov. 1890 var dei framme i Shanghai. Eit nytt avsnitt av livet stod på startstreken.

Eit nytt liv

Familien var ei stund i Shanghai og budde på eit misjonshospits eller heim for misjonærar der. Mange norske budde der då dei steig i land, og Daniel var sikkert tipsa om dette huset før han forlet USA. Dei hadde ingen faste kontaktar og var på ein måte ”trusmisjonærar”. Men Daniel hugsa Netland og Næstegaard d.y. som han hadde hatt kontakt med i Amerika. Nå sende han telegram til Hankou og bad truleg om råd: Kor skulle han byrja? Svaret var klårt: Kom over og hjelp oss. Ta med ein omn! – Det lønar seg alltid å vera litt praktisk. Det kan vera kaldt i Kina.

Turen med elvebåt oppover Yangtse-elva tok fleire veker. Det er 960 kilometer innover i landet. Men i Hankou stod Netland og helsa velkomen. Gutane tykte det var eit eventyr å vera her langt inne i eit nytt land. Anna og dottera Nora på 11 år var meir reserverte. Og Nora skulle berre få tre fire år i Kina før døden kom til henne. Livet skulle ikkje bli lett for familien, og tenesta hadde sin pris.

Dei kinesiske husa var heller ikkje som i Iowa, men små og tronge med jordgolv. Det var dei ikkje vande med. To månader etter at dei kom fram, fødde Anna ein gut, Helmer Johan. Berre mannen og språklæraren Tang hjelpte henne. Det var ikkje utan grunn ho hadde grudd seg til det nye livet.

Språket var viktig, elles kunne han ikkje kommunisera med folket. Kvar dag sat Daniel saman med Tang, som då var ein heidning. Men Tang var den første han fekk føra til Kristus. Borna lærte kinesisk raskare enn han slik det ofte skjer. Daniel hadde eit venleg og vinnande vesen og fekk ofte kontakt slik.

Sommaren 1891 var det ein kampanje mot alt utanlandsk i Kina. Dottera Mary skreiv om det seinare. Folket reagerte – med rette – på at vestlege land utnytta Kina økonomisk, både politisk og militært. Misjonærane fekk òg sin del av dette då folk meinte dei kunne vera spionar og kunne truga kinesisk kultur. To svenske misjonærar vart myrda, og familien Nelson måtte flytta frå bydelen Wuchang til den britiske konsesjon i Hankou.

I desember kom fleire norske til Kina. Det var Johannes Brandtzæg, Ludvig Johnsen og Gjertine Årrestad frå det nystarta ”Kinamisjonsforbundet”, nå: Norsk Luthersk Misjonssamband). I tillegg kom m.a. H. N. Rønning, søster Thea g.m. Landahl og frk. Rørem. Det var òg nokre svenskar i byen, så dei var faktisk ein liten skandinavisk ”koloni”, sjølv om dei ikkje budde saman.

Tidleg i 1892 vart Nelson godkjend som ”lekmannsmisjonær” i det amerikanske, lutherske selskapet som Rønning var i. Nå fekk han høve til å kjøpa land og byggja ein misjonærheim i Hankou der dei òg kunne studera språket.

11. mai 1892 reiste Nelson saman med m.a. Brandtzæg oppover Han-elva til Fancheng og vidare til Laohekou for å finna ein høveleg arbeidsplass for Kinamisjonsforbundet. Brandtzæg likte Laohekou godt, og det vart hovudstasjon for deira misjon. Tirsdag 11. juni var dei attende i Hankou. At det var vidare kontakt mellom Kinamisjonsforbundet og Nelson ser me m.a. ved at Anna og Daniel Nelson var i Laohekou på vitjing i juni 1894. Det var akkurat i startfasen for arbeidet der. Misjonær Sama og frue og Seyffarth hadde kome til Laohekou 25. mars same år.

Nelson tok nå kontakt med Griffith John om kor dei skulle byrja arbeidet. Valet fall på Fancheng ved Han-elva. Ikkje alt gjekk like glatt i byrjinga. Men nye misjonærar kom, og Nelson vart ordinert i 1895 av Rønning, som nå vart støtta av Hauge-synoden i USA. Same år fødde Anna ei ny jente, Nora Adina, oppkalla etter dei to borna som var døde. Den eldste, Nora, var også død. Og Anna hadde det ikkje lett med all sorga. Nelson og Netland arbeidde i Hankou den første tida medan Rønning var i Fancheng.

Sommaren 1896 kom koleraepidemien og tok Netland. Fleire andre vart sjuke, men dei kom seg. I denne tida kom Lyder Kristensen og frue. Begge var sjukepleiarar og var til stor hjelp for misjonærane. Dei arbeidde òg for Kinamisjonsforbundet ei tid. Han og Nelson reiste nå opp til byen Xinyang i Sør-Henan og vart overtydd om at der var den framtidige arbeidsplassen. Daniel vart seinare sjuk og måtte i hast reisa frå Kina til Amerika av helsegrunnar medan familien var att i Hankou.

I Amerika tala han misjonen si sak. Då han reiste attende til Kina i des. 1898, hadde han tre nye misjonærar med seg. Same månad vart ei ny jente fødd, Mary Lee. Ho var blond medan Nora var mørk som faren. Det var May Lee som skreiv soga om faren sitt arbeid mange år etter.

Tidleg i 1899 vart Nelson igjen sjuk, truleg både på lekam og nerver. Og nå skulle heile familien ha ferie. Det var på ein måte heldig for dei. For året etter kom den store tragedien med det såkalla ”bokser-opprøret” i Kina. Over 200 utlendingar vart drepne og ca. 30.000 kinesiske kristne leid døden. Det var hat mot all framand påverknad som dreiv det fram. Nelson-familien kom att då opprøret var slutt. Då var tre gutar att i Amerika for å gå på skule. Den yngste på 13 år undra seg over kvifor foreldra ikkje ville ha han lenger. Det var ikkje lett å skjøna at foreldra var så langt borte i lang tid.

Arbeidet veks

Dei neste ti åra vaks arbeidet monaleg i Kina, særleg om ein samanliknar det med dei første ti åra frå 1890. Både kvinner og menn kom ut som medarbeidarar, og misjonen i Amerika overførte eigedom og mannskap til misjonsstyret for Den Forente Norske Lutherske kyrkje i Amerika.

I Xinyang bar arbeidet frukt og fleire vart døypte. Etter kvart bygde dei ein ”stasjon” med kyrkje, skule, sjukestove og bustadhus, slik det var vanleg i misjonsarbeidet då. I kyrkja var det plass til 600, og Nelson var både arkitekt og byggeleiar. Sonen John var òg flittig med i arbeidet på kyrkja i 1906.

Kinesarane var forvitne og ville sjå. Alt var etter vestleg standard og heilt ulik kinesisk kultur. På vigslingsdagen song dei ”Vår Gud han er så fast en borg” på kinesisk, og frk. Andersen spelte orgel til.

Dette vart nå hovudstasjonen deira, og Nelson byrja arbeid i byar og landsbyar ikring. Nye misjonærar som kom, vart plassert i byar og stader der det ikkje var misjonsarbeid før. Sjølv brukte Daniel meir og meir innfødde kinesarar som medarbeidarar. Difor starta han ein liten bibelskule for å hjelpa dei.

Forsamlinga i Xinyang vaks år for år. Både nye kristne og andre kinesarar kom til møta. Ein av dei som vart kristne her, var Chu Hao-jan, døypt 20 år gamal i 1903. Han gjekk seinare på den lutherske presteskulen (Seminaret) i Shekow og vart ordinert i 1918. Han var Nelson sin medarbeidar i Xinyang. Seinare flytte han til Shanghai og organiserte ei luthersk kyrkje der. To år etter, i 1929, vart han president i den lutherske kyrkja i Kina. Her ser me altså lange liner frå Nelson sitt arbeid.

I 1908 bygde Daniel ein høgskule i Xinyang, og to år etter var det ny ferietur til Amerika. Det underlege er at dei truleg aldri reiste heim til Noreg i slike ferieår. Dei hadde slekt heime, men truleg ingen som støtta arbeidet deira. For Nelson var arbeidet i Guds rike nå det viktigaste.

Våren 1911 var dei attende på Kina-feltet. Dei kom med båt til Shanghai og tok nå toget til Beijing og deretter tog sørover til Xinyang. Der ynskte flokken av kinesiske kristne dei velkomne med ein rakettparade!

Same haust gjekk den kinesiske keisarinna av, og landet vart republikk. Men dei politiske tilhøva var ustabile, og grupper av røvarar herja mykje. Dette var ofte soldatar som hadde desertert. Misjonærane reiste nå frå feltet med tog til Hankou, men Nelson sjølv vart att i Xinyang hjå kinesarane. Mange kinesarar kom nå til stasjonen og sov i kyrkja. Der kjende dei seg tryggare enn i sine små hus og hytter. Etter fire månader stilna det av.

Dei hadde òg skule for misjonærborn, men den flytte dei til feriefjellet Jigongshan, sør for Xinyang, då uroa kom. Nelson hadde teke initiativ til feriestaden. Han ser ut til å ha vore ein iderik og føretaksam kar.

Nye misjonærar kom ut under første verdskrigen. Bert Nelson var ein av dei, son til Anna og Daniel. Kona hans døydde i 1921, men Bert heldt fram med arbeidet til 1930. Då vart han kidnappa av ei kommunistgruppe og døydde eit par år etter.

Då krigen var slutt reiste familien Nelson på ferie til Amerika i 1919 og kom attende i 1921. Det vart den siste heimturen for Daniel. Nå bygde han ein ny skule for jenter, kalla ”Lena Dahls høgskule”, som var ferdig i 1925. Den var oppkalla etter …

Nå vart det ny uro i landet. Det var nett i denne tida at det var uro mellom nasjonalisthæren (leia av Chiang kai-sjek (kinesisk skrivemåte: Jiang Jieshi) og kommunistpartiet der Mao var med. I januar 1926 var Xinyang arena for strid mellom desse gruppene. Daniel var 72 år nå og hadde vore sjuk av tyfoid-feber. Men 1. juledag året før preika han i kyrkja. I slutten av januar 1926 skreiv han ned ein del minne frå desse dagane, som ei dagbok. Andre augnevitne har òg rapportert om hendinga.

Edvard Sovik var ein nær medarbeidar av Nelson og han har skrive bok om han, m.a. skriv han slik: ”Søndag 7. febr. var mange inne på stasjonen. Dei hadde vore angripne i to veker. Denne søndagen hadde dei gudsteneste i det indre gardsrommet, og Nelson tala og sa m.a. at livet var usikkert og ein visste ikkje kva tid den siste time kom, medan striden rasa utafor.

Måndag kveld etter sat Nelson og kona saman med ei kvinne i eit rom og bad saman. Plutseleg kom ei geværkule gjennom rommet og råka Daniel i hovudet. Utpå natta slokna han, den 9. februar 1926.

Daniel Nelson frå Sveio var ein pionermisjonær i den sør-austlege delen av provinsen Henan i Kina. Han var heilnorsk, og utsend og støtta av norske lutherske kristne i Amerika. E. Sovik har skrive om han: ”Han var ein trushelt, som ikkje var ulydig mot det himmelske synet.”

Anna Nelson tykte ikkje ho hadde misjonskall. Ho bad ofte før utreisa: Herre, send ein annan! Men til slutt fekk ho nåde til å be at Guds vilje skulle skje. Kallet hennar vart å fylgja mannen i tenesta hans.

Nå då Daniel var død, aksepterte ho kallet. Nå ville ho leva og døy i Kina. Ho var 71 år gamal. Men den politiske uroa heldt fram, og året etter måtte misjonærane dra ut til kysten og nokre reiste heim. Mellom dei var Anna Nelson, ho var gamal og kunne ikkje vera der slik stoda var då. Anna budde hjå dottera Nora ved Minneapolis til ho døydde i mai 1940, 86 år gamal.

- Eit misjonærpar hadde avslutta tenesta. Berre æva vil visa fram dei åndelege fruktene. For oss ser det ut som at dei er mange og gode, etter 36 år i teneste. Det arbeidet dei starta vart avbrote i 1949 då Mao tok over makta. Alle misjonærar måtte etter kvart ut. Men etter liberaliseringa dei siste tiåra i Kina, held arbeidet fram. Amerikanske kristne av norsk/skandinavisk ætt støttar kinesiske kristne som arbeidar i landet både ved evangelisering og bibelskulearbeid.


Noter:
Kineseren nr. 10 1892 s. 80f.
Kineseren nr. 5 1893 s. 39f.
Kineseren nr. 9 1900 s. 98. I ein artikkelserie om byrjinga til Kinamisjonen finn me òg Brita nemnt. Komiteen i Bergen fekk først spørsmål frå ein prest i Sogn om dei ville senda ut ei kvinne. Det svara dei nei til, avdi dei alt hadde to kvinner i Bergen, og dei var “besjelede av trang til å reise ut”. Ei av dei var Brita.
Verden for Kristus s. 82. Ho var “antagen“ av Sentralstyret i Bergen før ho reiste til Oslo. Generalforsamlinga har truleg vore ei offentleg stadfesting på kallet frå Komiteen.
Skordal sin Levnetsbeskrivelse” finn me i Kineseren nr. 3 1892 s. 17f.
Kineseren nr. 5 1893 s. 39.
Anders Hoaas: Nybrottsmenn. Lunde 1983 s. 170f.
J. Straume: Langs vegen, 1946, s. 234.
Skordal sin død må ha gått sterkt inn på medarbeidarane. Dei tok det inn over seg og klaga ikkje Gud for hendinga: “Det var en tuktelse fra Herren som rammet oss meget hardt,” skreiv dei. Kineseren nr. 3 1897.
Utsyn nr. 16 - 1963, s. 4-5.
J. Straume: Kristenliv i Hardanger... s. 49. Me veit ikkje kven denne preikaren var.
Emil Birkeli: Misjonshistorie II, 1937, s. 57.
K.S.Latourette: A History of the Expansion of Christianity &, 1971, p. 52f.
W. H. T. Gairdner: The Rebuke of Islam, London 1920, p. 188.
Stephen Neill: Misjon i 2000 år, 1972, s. 244.
S. Neill: Concise Dictionary of Christian Mission, p. 482.
Kirke-Leksikon for Norden, bind II, 1911, s. 545.
J. Edwin Orr: The Light of the Nations, i serien The Advance of Christianity through the cebturies, vol. VIII, 1965, p. 74.
Gairdner: The Rebuke of Islam, London 1920, p. 204.
Bladet ”Orientierung”, utgjeve av Orientdienst i Wiesbaden, Tyskland.
Clinton Bennett i International Bulletin of Missionary Research, 1. april 1996.
S. Neill: Misjon i 2000 år, s. 249.
E. J. Ekman: Illustreret Missionshistorie 1, Bergen 1894, s. 488.
C. G. Pfander: The Mizanu’l Haqq, faksimile av utg. 1910, p. 368.
Dei hadde sjølvsagt korkje radio eller andre moderne kommunikasjonsmidlar då.


Svensk historia, bind IV, 1972, s. 777.
Berndt Gustafsson: Svensk kyrkohistoria, Stockholm 1966, s. 180ff.
Juelssons artikkel i Kyrka och Folk, 205. Fleire opplysningar er henta frå den.
Nordisk Misjonshistorie, ved Kurt Westman m.fl., Ansgar forlag 1950, s. 333.
Artikkel om Fjellstedt i Kyrka och Folk, av Gunnar Juelsson, julen 2005.
Palmqvist i Fjellsetdska skolans historia (sjå nedafor), s. 21.
Arne Palmqvist: Fjellstedska skolans historia, Uppsala 1994, utg. av Kamartföreningen Gamla Fjellstedtare. 320 s.
Palmqvist, s. 281.
Nordisk Teologisk Uppslagsbok, bind II, sp. 900.
Mange opplysningar i artikkelen er basert på Herbert Strom sin artikkel i bladet Spotlight on China nr. 1 i 2001. Den er supplert med andre kjelder, skriftlege og munnleg samtale med folk.
Bygdeboka for Sveio er nytta, samt kyrkjebøker og folketeljingar samt slektstavle av Solveig Hauerbach.
Reidar Østensjø: Haugesund 1835-1895, 1-2 + bind 3 av Øyvind Bjørnson.
Frode Steen, Fjellhaug. Har ein opplysande artikkel om skandinavisk misjon i Kina frå Amerika i Budskap 2004, årbok for Fjellhaug Misjonshøgskule – her s. 101.
Her brukar me namnet Hankou, sjølv om det eigentleg var tre byar nær ein annan her – Hankou, Hanyang og Wuchang. Desse tre byane vart seinare slått saman under namnet Wuhan. Misjonærane budde i fleire av desse byane etter kvart.
O. Uglem: Norsk hedningemisjon gjennom 250 år, 1976, s. 86.
Sjå om desse i Harald Stene Dehlin si bok: Pionerer i skjørt, 1985.
Om dette kan ein lesa i A. Tiltnes si bok: Den norske lutherske Kinamisjonsforbund bind 2, 1946, og i Erik Kjebekk si bok: Kallet fra Kina, 1999.
Brev frå Ludvig Johnsen til Knut Stokke 26/5 1892; Ludvig Johnsens private dagbok 1891-94 s. 43 (avskrift s. 31); Stasjonsdagbok for Hankou s. 3.
Stasjonsdagbok for Laohekou 1892-1897. s. 3b (avskrift s. 7). Boka ”25 Aar”, 1916, s. 137.
Spotlight on China, nr. 1 1997 (+ nummer før og etter). Her er soga om denne kinesaren fortalt.
Jung Chang/Jon Halliday: Mao. Den ukjente historien. 2005/06, s. 65ff.
Opplysningar ved pastor Paul Ofstedal i Minnesota, USA.

.Utdrag av brevet er skrevet i Hovedstyreprotokollen for Den Norske Misjonsallianse, styremøte tirsdag 5. mai 1936 kl. 5, 30.
.Det engelske navnet ble også brukt i Norge uten oversettelse til "Trosmisjon".
.Hovedstyret i M.A. 14. mai 1936.
.Brevarkivet i M.A. er kommet bort for tida før krigen.
.Det ser ut til at Westborg opplevde dette kallet da han hørte Alfsen tale i denne tida. Se
.Dette er nevnt i Alfsens brev av 9. mai 1936, referert i Hovedstyreprotokollen for 14. mai s.å.
.Bilag til M.A.'s protokoll.
.Her skal vi tenke på at dette skjedde midt i "de harde trettiåra" der flere misjoner strevde økonomisk. I denne tida var det f. eks. forslag om to nye misjonsmarker i Det norske lutherske Kinamisjonsforbund - Mandsjuria og Øst-Turkestan. Under genralforsamlingen i Drammen i 1930 talte flere om at tiden "ennå ikke var moden for løsning, særlig av rent økonomiske grunner", se E. Kjebekk: Verden for Kristus, s. 232a.
.Til sammenligning var Otto Torvik i Øst-Turkestan i 4 år da Kinamisjonsforbundet sendte ham dit for undersøkelse og forsøk på å starte opp nytt arbeid.
.Kristen misjon i et lukket land. Den norske Tibetmisjons 40-årige historie, Oslo 1978; Tibetmisjonen gjennom 50 år, Oslo 1988; Olav Uglem: Norsk Misjonshistorie, 1979 s. 197f.
.Emil Birkeli: Misjonshistorie II, Oslo 1937 s. 241.
.The Story of Zoe, p. 60.
.The Story of Zoe 1985, p. 65.
.Kristen misjon i et lukket land 1978, s. 118.
.Brev fra Bø datert 29. april 1992 til styret for N. L. Lekmannsmisjon. Styret har åpnet for sitat av brev og vedtak.
NOTER:
Festskriftet Såkorn av Guds ord, Bergen 1949, sier Andreas Fleischer ble født i Hegra, mens Norges Geistlighet i 1914 sier han var født i Ø. Stjørdal.
Her sitert etter minne etter min far som var født og oppvokst i Vikedalsosen. Men samme historie har jeg også hørt av andre.
John Nome: Det Norske Misjonsselskaps historie i norsk kirkeliv, Stavanger 1943, bind I s. 225.
Se til slutt i denne framstillingen.
Udatert brev til Andreas Fleischer i Kina; original i NMS-Arkivet, Stavanger.
Denne brevbunke ble faktisk reddet i siste liten. Sammen med annet ”avfall” var den kommet i en container som skulle til søppelfyllingen. En våken mann forstod dette var historie og av interesse for misjonen. Han tok brevene og brakte de til NMS-Arkivet.
Det var denne sommeren Norge ble løst fra Sverige og fikk sin egen konge og selvstendighet tilbake. 7. juni er den endelige datoen.
The New International Dictionary of the Christian Church, 1974, p.953.
Først hørte jeg historien av min far som vokste opp i Vikedalsosen der Petra bodde som barn og ungdom. Senere hørte jeg samme historie av en uavhengig person. Og dette ble stadfestet av misjonsprest Egil Holthe Eggen i NMS som er født i Kina.
Misjonæralbumet som E. danbolt skrev i 1948 har her en feilaktig opplysning. Der er notert at han beynte i Sinhua 1905, men Fleischer reiste opp som fast arbeider først i februar 1906.
Kineseren nr. 5 1892 s. 33f. Det norske lutherske Kinamisjonsforbund gjennom 50 år (DNLK), bind I s.60; bind II s. 15.
J. Straume: Kristenliv i Rogaland, s. 126.
DNLK gjennom 50 år, bind I s. 406.
Årbok 1947 s. 18.
DNLK gjennom 50 år, bind II s. 15.
Mange opplysningar i artikkelen er basert på Herbert Strom sin artikkel i bladet Spotlight on China nr. 1 i 2001. Den er supplert med andre kjelder, skriftlege og munnleg samtale med folk.
Bygdeboka for Sveio er nytta, samt kyrkjebøker og folketeljingar samt slektstavle av Solveig Hauerbach.
Reidar Østensjø: Haugesund 1835-1895, 1-2 + bind 3 av Øyvind Bjørnson.
Frode Steen, Fjellhaug. Har ein opplysande artikkel om skandinavisk misjon i Kina frå Amerika i Budskap 2004, årbok for Fjellhaug Misjonshøgskule – her s. 101.
Her brukar me namnet Hankou, sjølv om det eigentleg var tre byar nær ein annan her – Hankou, Hanyang og Wuchang. Desse tre byane vart seinare slått saman under namnet Wuhan. Misjonærane budde i fleire av desse byane etter kvart.
O. Uglem: Norsk hedningemisjon gjennom 250 år, 1976, s. 86.
Sjå om desse i Harald Stene Dehlin si bok: Pionerer i skjørt, 1985.
Om dette kan ein lesa i A. Tiltnes si bok: Den norske lutherske Kinamisjonsforbund bind 2, 1946, og i Erik Kjebekk si bok: Kallet fra Kina, 1999.
Brev frå Ludvig Johnsen til Knut Stokke 26/5 1892; Ludvig Johnsens private dagbok 1891-94 s. 43 (avskrift s. 31); Stasjonsdagbok for Hankou s. 3.
Stasjonsdagbok for Laohekou 1892-1897. s. 3b (avskrift s. 7). Boka ”25 Aar”, 1916, s. 137.
Spotlight on China, nr. 1 1997 (+ nummer før og etter). Her er soga om denne kinesaren fortalt.
Jung Chang/Jon Halliday: Mao. Den ukjente historien. 2005/06, s. 65ff.
Opplysningar ved pastor Paul Ofstedal i Minnesota, USA.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.