onsdag 2. februar 2011

34. Ole Hallesby.


Ole Hallesby.

      ”En høvding i Guds rike” kalla dei han i skriftet over Hallesby i 1962. Han var død året før – for 40 år sidan. Uttrykket er svært dekkande – i  preteritum (fortid). 

      For kor er det blitt av Hallesby (1879-1961) etter ein generasjon i grava? Går det så fort å gløyma ein hovding og den bodskapen han gav folket vårt? Eg berre undrast, og eg kan ta feil sjølvsagt. Han hadde så sterke meiningar og klåre tankar om kva kristendom er. Finn me dei same klåre tankar i dag – mellom kristenfolket der han var sentral, i kamp mot liberal teologi og på arbeidsstaden hans, MF? Eg synes det er ”betimeleg” å stilla slike spørsmål nå. T. Øberg kalla han ”den åndsfylte myndige forkynnerrøsten som hadde gitt gjenlyd over landet og Norden i 56 år”. 

      Hallesby hadde ein ”styringsregel” både for livet sitt og teologi og forkynning. J. Smemo sa noko om det  i NRK den dagen Hallesby døydde: ”Mot slutten av studiet opplevde han en personlig omvendelse som førte til en fullstendig kursendring både i hjerteliv og livsstil og teologisk tenkning.” 

      Han gjekk over frå å vera ein liberal teolog til ein personleg kristen. Og det fekk fylgjer for korleis han ”måtte” tenkja: Bibelen vart styringsregel for alt i livet. 

      Mon det ikkje var difor han hadde nærkontakt med kristenfolket, og dei opplevde han som sin? Trass skilnad i utdaning og evner set det truande kristenfolket også Bibelen høgt. Me erkjenner at me ikkje skjønar så mykje og ikkje greier å leva etter Ordet. Men me klynger oss til Han som er Ordet –Jesus. Så vert han ror og ratt for tru, tanke og liv. 

      Det er her eg kjenner det sårt nå. Me finn så få ”slektningar” av Hallesby. Kor er det blitt av den ”åndsfylte myndige forkynnerrøsten”? 
(Kortversjon.)

33. Johan Calvin.


Reformatoren Johan Calvin.

      Omlag på same tid som Luther levde ein annan reformator, Jean (Johannes) Calvin. han var noko yngre enn Luther, men dei verka i det same århundre. Calvin var fødd 1509 i Noyon i Frankrike, men budde mykje av tida i Sveits.  Han utdanna seg til jurist, og det viser godt att i skrivearbeidet hans.

      Frå 1533 gjekk han inn i reformasjonsarbeidet med all si kraft. Tre år seinare ga han ut sitt store verk, ei slags dogmatisk innføring i kristen tru - på latin: ”Institutio religionis Christianae”. Seinare skreiv han ei katekisme og ei trusvedkjenning og etter kvart  kommentarar til fleire bibelske skrifter. I alt dette ragar han høgt som skribent og tenkjar.

      Om ein skal samanlikne han med Luther, blir det gjerne slik: Luther skreiv og tala med hjarta, medan Calvin skreiv med hovudet. Luther skriv og tenkjer med sterke kjensler, medan Calvin er logisk og tankeklår i det han seier. Les ein t.d. same kapitel i bibelforklaringane av begge desse to, ser ein tydeleg skilnadden. Calvin forklarar på ein annan måte meir stringent der Luther skriv oppbyggeleg og forkynner med pennen.

      Dei er ulike i syn og. Calvin er far for den reformerte kyrkja som i nokon mon skil seg frå den lutherske. Det ser ein godt når ein kjem til bibeltekstar som talar om utvelginga, det ævelege nådeval, og om sakramenta. Her slår han delvis lag med Zwingli og Farel i Geneve.

      Han for strengt fram med kyrkjetukt og fekk slik motstandarar. Han fekk til og med spanjolen M. Servet dømd og brent på bål. Det var fleire element av tvang i hans syn og handlingar som la eit lovisk preg over den kyrkja han skapte.

      Calvin skreiv kommentarar (fortolkingar) til mange av bøkene i Bibelen. Han harmoniserte dei fire første evangelia (synoptikarane) og skreiv om dei fleste
Bøkene i NT og mange i GT.

tirsdag 1. februar 2011

32. Daniel Nelson


 Pionermisjonæren Daniel Nelson

Kinamisjonæren frå Sveio.

Av Nils Dybdal-Holthe

Mange misjonærar har reist ut frå Noreg. Me kan rekna dei i tusental når me slår saman alle selskap og kyrkjer. Også til Kina har nokre reist frå Vestlandet. Somme var ute i teneste i kort tid, andre brukte livet der ute og enda livet sitt langt borte frå heimen.


Ein av dei var Daniel Nilsen frå Sveio – på amerikansk vart namnet til Nelson. Ei dramatisk soge byrja her i Sunnhordland.[i]

Der vogga stod
Slekta kom frå fleire gardar.[ii] Far til Daniel var Sæbjørn (Sigbjørn) Nilsen f. 1821 d. før 1884. Han kjøpte bruket Aastøleitet på Eltravåg i 1852, det var ein del av det gamle husmannsplasset Årstadleitet som vart delt i to i 1819.

Far til Sæbjørn var Nils Jørgensen frå Hinderli i Sveio f. 1789 d. 1880. Han var gift to gonger og hadde 19 born. Han bygsla plasset i 1819 og var gift første gong med Helga Halvardsdtr frå Eltravåg. Sæbjørn sitt bruk fekk seinare bruksnr. 11. I 1865 fødde dei hest, fem kyr, ein gris og 17 sauer på bruket. Dei sådde to tønner havre og 1 ½ tønne poteter. Det er noko mindre enn på broren Halvor sitt bruk der Daniel tente.

Sæbjørn var gift med Ingeborg Serine Godtskalksdtr f. 1833 frå den andre halvparten av Årstadleitet – så dei to var nære naboar! Ho var dotter til Godskalk Endresen frå Tveitastøl f. 1800, som døydde i kolera i 1849. Dei budde først på Hasseløy i Haugesund, men kjøpte Årstadleite i 1837. Kona var Marta Jensine Danielsdt f. ikr. 1803 i Haugesund.

Den 10. april i 1853 vart så Daniel fødd på Eltravåg sørvest i Sveio. Det var på eit mindre bruk og Daniel vaks nok opp i vanlege eller tronge kår med lite utsikt til rimeleg gode levekår der. Ikkje var han eldste son heller. Slik hadde nok mange det i vestlandsbygdene på den tida.

Skulen var ofte omgangsskule i dei dagar, og dette var i nåverande Vandaskog skulekrins. Eit rom som ikkje var i bruk, vart nytta til skulestove, har folk fortalt. Som 13-åring var han gjetar hjå onkelen og passa geiter. På same skulen gjekk óg ei jente som heitte Anna –ho var om lag 1 år yngre. Dei fekk opplæring i lesing og skriving og litt rekning. Og særleg lærte dei bibelsoge og Luthersk katekisme.

Eltravåg ligg om lag 2,5 norske mil nord for Haugesund, men då Daniel var fødd, var det ingen by her, men ein ”ladestad” og kjøpstad. Men berre eit par år etter vaks den nye byen fram. Dei eigentlege byane for distriktet her var likevel Bergen og Haugesund. Det åndelege klima i området var nærast haugiansk og pietistisk ved sida av kyrkja.

Fjorten år gamal vart Daniel konfirmert og drog nå ut på fiske saman med vaksne folk. Alt på første tur i båten stod det om livet. Han opplevde kulde og uvær på sjøen, og kom heim døden nær av lungebetennelse. Likevel vart han god att og heldt fram med fiske. Seinare såg han at Gud hadde berga han og ville noko med livet hans.

Deretter gjekk Daniel om bord som kokk i ein fiskebåt som skulle til Nord-Noreg, truleg til Lofoten. Dette såg ut til å bli yrket hans.

Ut i verda

16 år gammal fekk han hyre som kokk på eit skip som gjekk frå St. Petersburg i Russland til London. Han tok steget ut i den store verda. Og våren etter fekk han plass på ein fraktebåt som gjekk til Antwerpen i Holland. Han og ein kamerat må ha blitt skremd av livet om bord der, og i nattemørke hoppa dei over bord og rømde i Holland. Dei fekk hjelp av ein svenske til å koma til ein gard utafor byen.

Seinare fekk dei høyra at båten hadde gått ned og alle drukna kort etter at dei forlet Antwerpen. Denne gongen tenkte óg Daniel at Gud hadde berga han. Likevel vende han ikkje om, men følte han var langt borte frå Gud. Daniel fekk ny hyre og opplevde to gonger til at båten forliste. Også det vart nye vitnemål om at Gud var etter han. Eit anna liv venta han.

Nå var det ikkje uvanleg med forlis korkje då eller seinare. Utan vérvarsel og noko særleg å hjelpa seg med, enda mange menn sine liv på havet. Å verta berga var eit større vitnemål då om under og Gud si allmakt enn kanskje seinare.

Endå eit forlis venta han. I 1873 var han om bord i ein båt som gjekk frå USA til Kina. Båten gjekk ned i ein tyfon ved Kina-kysten, og Daniel vart berga av ein kinesisk fiskar. I Shanghai tok han hyre på ein amerikansk krigsbåt, og etter to år var han i Brooklyn. Deretter tok han båt til Hamburg og så heim til Noreg til jul.

Anna Sandvig

Heime i Sveio møtte han skulekameraten Anna att. Kanskje dei møttest ved kyrkja juledag eller ute i bygda der ungdom ferdast. Daniel fortalde om reisene sine og om eventyr på sjøen og i andre land.

Og Anna lytta. Forundra og gripen av den store verda og kva den kunne vera. Ho hadde berre vore ein tur til Bergen og teke sykurs der. Truleg levde ho av å sy til folk. Det var vanleg for ugifte kvinner.

Anna var fødd 22. sept. 1854. Faren var  Peder Mikkelsen Sandvik f. 1816 gift med Ingebritta Aslaksdtr Rødmyr, ein liten gard litt sørvest for Daniel sin heimplass. Far til Anna kom truleg frå Eidfjord, og mora var dotter til Aslak Ingebrigtsen og  kona Britta Steffensdt på Rødmyr (eller Rygmyr).

Anna og Daniel tykte vel om kvarandre og trulova seg våren etter. Men han måtte ut på ny tur – nå til London. Der gjekk han i sjømannskyrkja og fekk nattverd for første gong etter konfirmasjonen. Far til Anna hadde påverka han til å søkja Gud.




Nytt liv

På den nye båten vart det snart kjent at han var ein kristen, og dei kalla han ”den vesle kristne” – kanskje av di han var lågare enn mannskapet elles. Det var meint som eit nedsetjande skjellsord. Men det endra seg. Når sjøfolk vart sjuke om bord, spurde dei han om forbøn. Han hadde skapt respekt for levemåten sin der.

Han heldt heile tida kontakt med Anna og skreiv brev som vart posta når dei var i hamn. Slik kan me fylgja reiseruta hans på sjøen. For Anna gøymde breva. Frå London gjekk turen til Spania, Sicilia og Sør-Amerika.

I 1878 kom han heim att til Sveio, og han og Anna vart gifte i Haugesund. Her budde dei medan han gjekk på Sjømannsskulen der og lærte navigasjon og tok eksamen som skipsoffiser. Sjømannsskulen i Haugesund byrja i 1874, så Daniel gjekk der i ein tidleg fase. Haugesund vart etter kvart ein viktig sjøfartsby med fleire reiarlag. Skulen hadde 63 elevar først året, og dei heldt til i Strandgata 97 på den tida Daniel gjekk der.[iii] Seinare vart skulen flytt lenger opp i byen.

Etter dette måtte Daniel ut att på ein ny langtur, og lengta heile tida heim att etter å sjå den vesle jenta (Nora) som var fødd då han var på havet.

Endå ein ny langtur skulle han ut på, nå som styrmann på eit engelsk skip i fart mellom London og New York. På turen vestover var mange emigrantar med, dei gleda seg til å byrja eit nytt liv i Amerika. Daniel vart gripen av dette, det ein kalla ”Emigrantfeber”. Tidleg på våren 1882 var han viss: sjølivet måtte ta slutt. Han ville bli farmar i den nye verda.

Ein onkel budde i Iowa, og han oppmuntra sjømannen til å gå i land. I mai 1882 reiste så Anna, Nora og Daniel til USA via London. Vel framme i New York tok dei toget same dag  til Iowa. Her slo dei seg ned i nærleiken av Eagle Grove. To år etter organiserte dei ein norsk luthersk forsamling der Daniel vart ”diakon”.

Misjon

Etter sju år som bonde, byrja eit nytt kapittel i Nelson-familien. Ein varm sommardag i 1889 la han tak på huset som då vart utvida og påbygd. Tankane gjekk til kinesarane som han møtte ved forliset mange år før. Dei kjende ikkje evangeliet! Han fekk truleg òg lesa brev frå Ole Næstegaard d. e. som stod i bladet ”Lutheraneren” i 1889. Næstegaard var kinamisjonær.[iv]

Daniel kjende det slik at Gud tala til han og bad han gå til Kina. Det ville tyda ei veldig omvelting for heile familien. Korleis ville det gå?

Det kan sjå ut som om han var lett å påverka og hadde eit sterkt kjensleliv. Han var snar til å bryta opp heimefrå, og han hadde hatt eit uroleg og dramatisk ungdomsliv på sjøen. Det omskiftande livet kan ha gjort han open for nye ting og planar.

I dette høvet svara han ja til kallet og fekk kona med på det, sjølv om ho ikkje trudde ho hadde noko misjonskall. Ho hadde til og med bede Gud om å senda ein annan i denne tida. Det skreiv ho mange år etter. Då reisa endeleg var avgjort, sat ho for seg sjølv om tenkte gjennom alt dette. Til slutt gav ho Gud rett og sa: ”Herre, din vilje skje!”

Ikkje alle var overtydd om at Daniel skulle bli misjonær. Ein pastor talde han frå og gjorde han motlaus. Ein nabo spurde Anna om mannen var klår i ”sinnet”. Daniel sjølv tok straks affære og reiste til Minneapolis og gjekk eit år på bibelskulen ”Augsburg Seminary” Sumaren 1890 var han i Valparaiso, Indiana, på eit sommarkurs i bedriftsleiing. Slik førebudde han seg på fleire måtar.

Men han fekk ingen til å støtta seg ved utreisa. Dei sa han var for gammal – han var 37 år, og hadde for mange born og heller ikkje nok utdanning. Motstandarar finn alltid argument. – Men to andre nordmenn var nå på veg til Kina og stansa i Amerika nokre månader. Dei var ugifte og kunne lettare klara seg med lite. Daniel fekk kontakt med dei som oppfordra han til å dra til Kina. Ole Næstegaard jr. og S. Netland reiste først, og Daniel møtte dei seinare i Hankou (nå: Wuhan).[v]

Loddet var kasta, og Daniel fekk ein nabo til å selja dyra og garden, og han kjøpte billettar til Kina. Eit nytt livskapittel skulle byrja.

Misjonsvekking

Me har alt sett at Daniel Nelson ikkje stod åleine som nordmann med tanke på misjon i Kina. Alt i 1887  var det planar om å skipa eit skandinavisk misjonsselskap i Oslo, sjølv om det ikkje vart noko av då.[vi] Misjonsvekkinga hadde byrja og skapt interesse og offervilje.

Om lag 20 år før hadde Hudson Taylor i England skipa Kina Innlandsmisjon (forkorting på engelsk: CIM). 25 år etter var det etter måten mange misjonærar i landet. Men Kina var stort og vrimla av folk. Før H. Taylor hadde Griffith John frå England vore der frå 1861. Og i 1885 reiste to norske kvinner til Kina, Sofie Reuter og Anna Jakobsen.[vii]

I tida før 1890 var det óg tysværbuen Sivert Gjerde gjekk med kall til Kina. Han reiste ut med nokre få støttespelarar i Noreg, men fekk berre nokre månader i landet. I 1891 vart så Det Norsk lutherske Kinamisjonsforbund til.[viii] Same år reiste fleire til Kina. Det var med andre ord ei aktiv ”Kina-tid” me talar om nå.

Daniel var altså ikkje åleine. Og han visste det. Han kunne rekna med å møta både  norske og utanlandske arbeidarar der borte i aust. Men var det sikkert at dei ville ta imot han og hjelpa han fram i arbeidet? Han måtte ha ein attest med seg som viste at han var ein truverdig Guds tenar.

Kanskje dette låg bak då han bad om brev frå bibelskulen i Minneapolis. Georg Sverdrup var styrar (president) der, og han skreiv anbefaling på skulen sitt offisielle papir den 15. okt. 1890. Der stod det:

”Med dette attesterar me at herr Daniel Nelson, som er misjonær til Kina, tilhøyrer den lutherske kyrkja, er gift, og reiser til Shanghai i Kina med kona Anna Nelson, og fire born: Nora, Peder, Sigvald og Bertine. Med dette anbefalar me han og familien til dei tenester og hjelp som misjonærar vanlegvis får.” (Fritt omsett.)

Dei hadde med seg dette dokumentet, billettar og 500 $ frå salet av farmen då dei reiste ut frå Vancouver i Canada. 30. nov. 1890 var dei framme i Shanghai. Eit nytt avsnitt av livet stod på startstreken.

Eit nytt liv

Familien var ei stund i Shanghai og budde på eit misjonshospits eller heim for misjonærar der. Mange norske budde der då dei steig i land, og Daniel var sikkert tipsa om dette huset før han forlet USA. Dei hadde ingen faste kontaktar og var på ein måte ”trusmisjonærar”. Men Daniel hugsa Netland og Næstegaard d.y. som han hadde hatt kontakt med i Amerika. Nå sende han telegram til Hankou og bad truleg om råd: Kor skulle han byrja? Svaret var klårt: Kom over og hjelp oss. Ta med ein omn! – Det lønar seg alltid å vera litt praktisk. Det kan vera kaldt i Kina.

Turen med elvebåt oppover Yangtse-elva tok fleire veker. Det er 960 kilometer innover i landet. Men i Hankou stod Netland og helsa velkomen. Gutane tykte det var eit eventyr å vera her langt inne i eit nytt land. Anna og dottera Nora på 11 år var meir reserverte. Og Nora skulle berre få tre fire år i Kina før døden kom til henne. Livet skulle ikkje bli lett for familien, og tenesta hadde sin pris.

Dei kinesiske husa var heller ikkje som i Iowa, men små og tronge med jordgolv. Det var dei ikkje vande med. To månader etter at dei kom fram, fødde Anna ein gut, Helmer Johan. Berre mannen og språklæraren Tang hjelpte henne. Det var ikkje utan grunn ho hadde grudd seg til det nye livet.

Språket var viktig, elles kunne han ikkje kommunisera med folket. Kvar dag sat Daniel saman med Tang, som då var ein heidning. Men Tang var den første han fekk føra til Kristus. Borna lærte kinesisk raskare enn han slik det ofte skjer. Daniel hadde eit venleg og vinnande vesen og fekk ofte kontakt slik.

Sommaren 1891 var det ein kampanje mot alt utanlandsk i Kina. Dottera Mary skreiv om det seinare. Folket reagerte – med rette – på at vestlege land utnytta Kina økonomisk, både politisk og militært. Misjonærane fekk òg sin del av dette då folk meinte dei kunne vera spionar og kunne truga kinesisk kultur. To svenske misjonærar vart myrda, og familien Nelson måtte flytta frå bydelen Wuchang til den britiske konsesjon i Hankou.

I desember kom fleire norske til Kina. Det var Johannes Brandtzæg, Ludvig Johnsen og Gjertine Årrestad frå det nystarta ”Kinamisjonsforbundet”, nå: Norsk Luthersk Misjonssamband). I tillegg kom m.a. H. N. Rønning, søster Thea g.m. Landahl og frk. Rørem. Det var òg nokre svenskar i byen, så dei var faktisk ein liten skandinavisk ”koloni”, sjølv om dei ikkje budde saman.

Tidleg i 1892 vart Nelson godkjend som ”lekmannsmisjonær” i det amerikanske, lutherske selskapet som Rønning var i. Nå fekk han høve til å kjøpa land og byggja ein misjonærheim i Hankou der dei òg kunne studera språket.

11. mai 1892 reiste Nelson saman med m.a. Brandtzæg oppover Han-elva til Fancheng og vidare til Laohekou for å finna ein høveleg arbeidsplass for Kinamisjonsforbundet. Brandtzæg likte Laohekou godt, og det vart hovudstasjon for deira misjon. Tirsdag 11. juni var dei attende i Hankou.[ix] At det var vidare kontakt mellom Kinamisjonsforbundet og Nelson ser me m.a. ved at Anna og Daniel Nelson var i Laohekou på vitjing i juni 1894. Det var akkurat i startfasen for arbeidet der. Misjonær Sama og frue og Seyffarth hadde kome til Laohekou 25. mars same år.[x]

Nelson tok nå kontakt med Griffith John om kor dei skulle byrja arbeidet. Valet fall på Fancheng ved Han-elva. Ikkje alt gjekk like glatt i byrjinga. Men nye misjonærar kom, og Nelson vart ordinert i 1895 av Rønning, som nå vart støtta av Hauge-synoden i USA. Same år fødde Anna  ei ny jente, Nora Adina, oppkalla etter dei to borna som var døde. Den eldste, Nora, var også død. Og Anna hadde det ikkje lett med all sorga. Nelson og Netland arbeidde i Hankou den første tida medan Rønning var i Fancheng.

Sommaren 1896 kom koleraepidemien og tok Netland. Fleire andre vart sjuke, men dei kom seg. I denne tida kom Lyder Kristensen og frue. Begge var sjukepleiarar og var til stor hjelp for misjonærane. Dei arbeidde òg for Kinamisjonsforbundet ei tid. Han og Nelson reiste nå opp til byen Xinyang i Sør-Henan og vart overtydd om at der var den framtidige arbeidsplassen. Daniel vart seinare sjuk og måtte i hast reisa frå Kina til Amerika av helsegrunnar medan familien var att i Hankou.

I Amerika tala han misjonen si sak. Då han reiste attende til Kina i des. 1898, hadde han tre nye misjonærar med seg. Same månad vart ei ny jente fødd, Mary Lee. Ho var blond medan Nora var mørk som faren. Det var May Lee som skreiv soga om faren sitt arbeid mange år etter.

Tidleg i 1899 vart Nelson igjen sjuk, truleg både på lekam og nerver. Og nå skulle heile familien ha ferie. Det var på ein måte heldig for dei. For året etter kom den store tragedien med det såkalla ”bokser-opprøret” i Kina. Over 200 utlendingar vart drepne og ca. 30.000 kinesiske kristne leid døden. Det var hat mot all framand påverknad som dreiv det fram. Nelson-familien kom att då opprøret var slutt. Då var tre gutar att i Amerika for å gå på skule. Den yngste på 13 år undra seg over kvifor foreldra ikkje ville ha han lenger. Det var ikkje lett å skjøna at foreldra var så langt borte i lang tid.

Arbeidet veks

Dei neste ti åra vaks arbeidet monaleg i Kina, særleg om ein samanliknar det med dei første ti åra frå 1890. Både kvinner og menn kom ut som medarbeidarar, og misjonen i Amerika overførte eigedom og mannskap til misjonsstyret for Den Forente Norske Lutherske kyrkje i Amerika.

I Xinyang bar arbeidet frukt og fleire vart døypte. Etter kvart bygde dei ein ”stasjon” med kyrkje, skule, sjukestove og bustadhus, slik det var vanleg i misjonsarbeidet då. I kyrkja var det plass til 600, og Nelson var både arkitekt og byggeleiar. Sonen John var òg flittig med i arbeidet på kyrkja i 1906.

Kinesarane var forvitne og ville sjå. Alt var etter vestleg standard og heilt ulik kinesisk kultur. På vigslingsdagen song dei ”Vår Gud han er så fast en borg” på kinesisk, og frk. Andersen spelte orgel til.

Dette vart nå hovudstasjonen deira, og Nelson byrja arbeid i byar og landsbyar ikring. Nye misjonærar som kom, vart plassert i byar og stader der det ikkje var misjonsarbeid før. Sjølv brukte Daniel meir og meir innfødde kinesarar som medarbeidarar. Difor starta han ein liten bibelskule for å hjelpa dei.

Forsamlinga i Xinyang vaks år for år. Både nye kristne og andre kinesarar kom til møta. Ein av dei som vart kristne her, var Chu Hao-jan, døypt 20 år gamal i 1903. Han gjekk seinare på den lutherske presteskulen (Seminaret) i Shekow og vart ordinert i 1918. Han var Nelson sin medarbeidar i Xinyang. Seinare flytte han til Shanghai og organiserte ei luthersk kyrkje der. To år etter, i 1929, vart han president i den lutherske kyrkja i Kina. Her ser me altså lange liner frå Nelson sitt arbeid.[xi]

I 1908 bygde Daniel ein høgskule i Xinyang, og to år etter var det ny ferietur til Amerika. Det underlege er at dei truleg aldri reiste heim til Noreg i slike ferieår. Dei hadde slekt heime, men truleg ingen som støtta arbeidet deira. For Nelson var arbeidet i Guds rike nå det viktigaste.

Våren 1911 var dei attende på Kina-feltet. Dei kom med båt til Shanghai og tok nå toget til Beijing og deretter tog sørover til Xinyang. Der ynskte flokken av kinesiske kristne dei velkomne med ein rakettparade!

Same haust gjekk den kinesiske keisarinna av, og landet vart republikk. Men dei politiske tilhøva var ustabile, og grupper av røvarar herja mykje. Dette var ofte soldatar som hadde desertert. Misjonærane reiste nå frå feltet med tog til Hankou, men Nelson sjølv vart att i Xinyang hjå kinesarane. Mange kinesarar kom nå til stasjonen og sov i kyrkja. Der kjende dei seg tryggare enn i sine små hus og hytter. Etter fire månader stilna det av.

Dei hadde òg skule for misjonærborn, men den flytte dei til feriefjellet Jigongshan, sør for Xinyang, då uroa kom. Nelson hadde teke initiativ til feriestaden. Han ser ut til å ha vore ein iderik og føretaksam kar.

Nye misjonærar kom ut under første verdskrigen. Bert Nelson var ein av dei, son til Anna og Daniel. Kona hans døydde i 1921, men Bert heldt fram med arbeidet til 1930. Då vart han kidnappa av ei kommunistgruppe og døydde eit par år etter.

Då krigen var slutt reiste familien Nelson på ferie til Amerika i 1919 og kom attende i 1921. Det vart den siste heimturen for Daniel. Nå bygde han ein ny skule for jenter, kalla ”Lena Dahls høgskule”, som var ferdig i 1925. Den var oppkalla etter …

Nå vart det ny uro i landet. Det var nett i denne tida at det var uro mellom nasjonalisthæren (leia av Chiang kai-sjek (kinesisk skrivemåte: Jiang Jieshi) og kommunistpartiet der Mao var med.[xii] I januar 1926 var Xinyang arena for strid mellom desse gruppene. Daniel var 72 år nå og hadde vore sjuk av tyfoid-feber. Men 1. juledag året før preika han i kyrkja. I slutten av januar 1926 skreiv han ned ein del minne frå desse dagane, som ei dagbok. Andre augnevitne har òg rapportert om hendinga.

Edvard Sovik var ein nær medarbeidar av Nelson og han har skrive bok om han, m.a. skriv han slik: ”Søndag 7. febr. var mange inne på stasjonen. Dei hadde vore angripne i to veker. Denne søndagen hadde dei gudsteneste i det indre gardsrommet, og Nelson tala og sa m.a. at livet var usikkert og ein visste ikkje kva tid den siste time kom, medan striden rasa utafor.

Måndag kveld etter sat Nelson og kona saman med ei  kvinne i eit rom og bad saman. Plutseleg kom ei geværkule gjennom rommet og råka Daniel i hovudet. Utpå natta slokna han, den 9. februar 1926.

Daniel Nelson frå Sveio var ein pionermisjonær i den sør-austlege delen av provinsen Henan i Kina. Han var heilnorsk, og utsend og støtta av norske lutherske kristne i Amerika. E. Sovik har skrive om han: ”Han var ein trushelt, som ikkje var ulydig mot det himmelske synet.”

Anna Nelson tykte ikkje ho hadde misjonskall. Ho bad ofte før utreisa: Herre, send ein annan! Men til slutt fekk ho nåde til å be at Guds vilje skulle skje. Kallet hennar vart å fylgja mannen i tenesta hans.

Nå då Daniel var død, aksepterte ho kallet. Nå ville ho leva og døy i Kina. Ho var 71 år gamal. Men den politiske uroa heldt fram, og året etter måtte misjonærane dra ut til kysten og nokre reiste heim. Mellom dei var Anna Nelson, ho var gamal og kunne ikkje vera der slik stoda var då. Anna budde hjå dottera Nora ved Minneapolis til ho døydde i mai 1940, 86 år gamal.

- Eit misjonærpar hadde avslutta tenesta. Berre æva vil visa fram dei åndelege fruktene. For oss ser det ut som at dei er mange og gode, etter 36 år i teneste. Det arbeidet dei starta vart avbrote i 1949 då Mao tok over makta. Alle misjonærar måtte etter kvart ut. Men etter liberaliseringa dei siste tiåra i Kina, held arbeidet fram. Amerikanske kristne av norsk/skandinavisk ætt støttar kinesiske kristne som arbeidar i landet både ved evangelisering og bibelskulearbeid.[xiii]






[i] Mange opplysningar i artikkelen er basert på Herbert Strom sin artikkel i bladet Spotlight on China nr. 1 i 2001. Den er supplert med andre kjelder, skriftlege og munnleg samtale med folk.
[ii] Bygdeboka for Sveio er nytta, samt kyrkjebøker og folketeljingar samt slektstavle av Solveig Hauerbach.
[iii] Reidar Østensjø: Haugesund 1835-1895, 1-2 + bind 3 av Øyvind Bjørnson.
[iv] Frode Steen, Fjellhaug. Har ein opplysande artikkel om skandinavisk misjon i Kina frå Amerika i Budskap 2004, årbok for Fjellhaug Misjonshøgskule – her s. 101.
[v] Her brukar me namnet Hankou, sjølv om det eigentleg var tre byar nær ein annan her – Hankou, Hanyang og Wuchang. Desse tre byane vart seinare slått saman under namnet Wuhan. Misjonærane budde i fleire av desse byane etter kvart.
[vi] O. Uglem: Norsk hedningemisjon gjennom 250 år, 1976, s. 86.
[vii] Sjå om desse i Harald Stene Dehlin si bok: Pionerer i skjørt, 1985.
[viii] Om dette kan ein lesa i A. Tiltnes si bok: Den norske lutherske Kinamisjonsforbund bind 2, 1946, og i Erik Kjebekk si bok: Kallet fra Kina, 1999.
[ix] Brev frå Ludvig Johnsen til Knut Stokke 26/5 1892; Ludvig Johnsens private dagbok 1891-94 s. 43 (avskrift s. 31); Stasjonsdagbok for Hankou s. 3.
[x] Stasjonsdagbok for Laohekou 1892-1897. s. 3b (avskrift s. 7). Boka ”25 Aar”, 1916, s. 137.
[xi] Spotlight on China, nr. 1 1997 (+ nummer før og etter). Her er soga om denne kinesaren fortalt.
[xii] Jung Chang/Jon Halliday: Mao. Den ukjente historien. 2005/06, s. 65ff.
[xiii] Opplysningar ved pastor Paul Ofstedal i Minnesota, USA.

31. Wilhelm Friedrich Besser.


Wilhelm Friedrich Besser.

Wilhelm Friedrich Besser var født 27. September 1816 i Warnstedt og døde 26. September 1884 i Niederlössnitz. Han var tysk luthersk prest og teolog.

Wilhelm Friedrich Besser var sønn til presten Johann August Wilhelm Besser (1780–1841) og studerte ved Universitetet i Halle i 1835 og etter to år reiste han til Berlin og studerte videre ved universitetet der.

I år 1838 kom han til Halle der han underviste ved universitetet der. Takket være hans lærer Ernst Wilhelm Hengstenberg, ble Besser huslærer hos major von Schenkendorf og predikant og prest i Wulkow. I 1841 skrev han med tungt hjerte under et unionsskrift (”Revers”). Det innebar at han forpliktet seg til lydighet mot kongen og særlig den enighet som var kommet i stand i 1817 mellom de lutherske og reformerte kirker. Han tilbakekalte sin underskrift i 1845 av samvittighetsgrunner. Dermed ble han avsatt som prest i 1847.

Han hadde giftet seg i 1842 med frk. Jucunde Mühlmann. Etter tapet av prestetjenesten søkte han kontakt med gammel-lutheranre i Breslau, og i 1848 ble han prest for den lutherske menighet i Pommern. Besser kom også inn i styret for Leipziger-misjonen og senere prest i Waldenburg i Schlesia. I påsken 1884 trakk han seg tilbake på grunn av sykdom og døde allerede 26. sept. samme år i Niederløssnitz.

Besser er blitt kjent i Skandinavia for sine ”Bibellesninger”. Han skrev flere bind med forklaringer over bøker i NT. I 1864 var han prest for soldatene i den tysk-danske krig og skrev om sine erfaringar som øyenvitne der i boka Drei Wochen auf dem Kriegsschauplatz. To år etter skrev en ny bok om dette - Sechs Wochen im Felde. Han skrev bl. a. også en biografi over misjonær John Williams.

Hans bibellesninger omfatter disse bind:
1. Lukas-evangeliet.
2. Jesu lidelses-og herlighetshistorie i to deler.
3. Apostlenes Gjerningar i to deler.
4. Johannes-evangeliet.
5. Johannes’ brever.
6. Peters brever.
7. Romerbrevet i to deler.
8. Første Korinterbrev.
9. Andre Korinterbrev.
10. Matteus-evangeliet s.m. Markus-evangeliet.
11. Galaterbrevet.
12. Efeserbrevet.

- I tillegg skrev han bl. a. også en bok om Paulus.
---

30. James Hudson Taylor


James Hudson Taylor

James Hudson Taylor (21 mai 1832 - 3 juni 1905) var en betydelsefull engelsk misjonær og grunnla Kina innlandsmisjon. Han var fra Barnsley i Yorkshire der faren var apoteker og metodistisk lekpredikant. Faren fortalte gutten om Kina, og alt som 17-åring var han klar over at han skulle bli misjonær der.

Hudson Taylor studerte i ungdommen medisin for å reise til Kina.  I 1853 ble hans planer virkeliggjort, da han ble sendt ut til Kina av Kinas evangeliseringsselskap. 1856 begynte Hudson Taylor sitt arbeid i Ningpo der han var evangelist. Snart brøt han førbindelsen med sitt selskap. Hudson Taylor mente at de ikke skulle låne penger og sette seg i skyld for å drive misjonen. Det var mot Guds ord. Han hørte om Georg Müller som arbeidet blant barn i Bristol og bare bad til Gud om penger. Det var veien han skulle gå også. 1860-65 besøkte Hudson Taylor England på grunn av dårlig helse.

I 1865 grunnla han Kina innlandmisjon (engelsk forkortelse: CIM). Det skulle være en trosmisjon og ikke et organisert arbeid. Han krevde ingen utdannelse av misjonærene, bare en levende tro. Selskapet skulle ikke setta seg i skyld. Bare Gud skulle man be om penger og ikke mennesker. Arbeidet er evangelisk og arbeidere fra alle kirkesamfunn kan være med der.

Hovedsaken var fra begynnelsen evangelisering i det indre  Kina. Guds ord skulle forkynnes ved evangelister som reiste omkring i landet. Tanken var at det ville framskynde Kristi gjenkomst, slik det står i  Matt. 24: 14 og 2. Pet. 3, 12. Denne teologiske tanken var vanlig blant en del kristne på hans tid.

Hudson Taylor var en storslagen religiös personlighet, en uvanlig troens og bønnens mann. Han opplevde stor framgang, når han framstilte sine tanker og planer. I 1866 kunne han reise til Kina med mange medarbeidere. De reiste inn i landet, men først etter 1876 fikk de framgang og utvidet arbeidet også i Europa. De fikk bl. a. en avdeling i Noreg og Sverige.

Et viktig tilskudd kom i 1884 da sju studenter i Cambridge gikk inn i misjonen. De ble kalt Sjustjernen.

De engelske og amerikanske universitetene ble etter hvert oppmerksomme på dette arbeidet, noe som ble til hjelp. Hudson Taylor og Kina innlandsmisjon gjorde en stor innsats i misjonen i Kina på 1800-talet. Men noe er blitt modernisert og forandret med årene. Det faste misjonsarbeidet har fått mer rom og blitt mer akseptert.

Da Taylor døde i 1905, hadde han åpnet misjon i den siste provinsen i landet. Tjenesten var på en måte fullført for ham. Men misjonstanken og innsatsen i Østen fortsetter.

29. Andreas Dybdal


Andreas Dybdal

Han var son til Henrik Olsen Dybdal og kona Elisabeth Andersdt Schjelderup, som var hyttemeister på Røros og deretter hytteskrivar i Ålen. Sosialt høyrde dei til mellomsjiktet  og hadde dermed noko kontakt med ”dei kondisjonerte”. Andreas var fødd 12. mars 1740. Som sju-åring vart han sendt til Røros for å få undervisning m.a. av Ole Strøm. I 1755 reiste han til Trondheim og gjekk på latinskulen der. I tida 1739 til 1775 vart det berre tekne opp fem elevar frå Røros, og to av dei var sønene til direktør Borchgrevink på Røros. At Henrik fekk reisa dit, kan tyda på at han var sers evnerik og hadde utmerka seg i Bergstaden.

Han var berre tre år i Trondheim, og i 1758 reiste han til Akademiet i København for å studera teologi, og var også der i tre år. Hausten 1761 kom han heim og vart lærar (informator) nokre år  for born til fornemme familiar.

I 1769 vart han kalla til pers. kap.  i Tønset prestegjeld der han var i ti år. Då reiste han igjen til København for å søkja prestekall. Det var skikken i tida. Nokre månader etter fekk han kallsbrev til Finnøy prestegjeld i Rogaland. Det er datert 29. sept. 1779.

Men Finnøy var ikkje eit feitt kall på den tida. Då Andreas Dybdal søkte kallet i Skjold i Nord-Rogaland nokre år etter, skreiv prost R. Gjellebøl i Stavanger i attesten som vart lagd ved søknaden, at Finnøy var ”det allerringeste Kald i det gandske Christiansand stift”, ja, et Kald som alltid har været et Promotions Kald” (dvs. et kald der dei var midlertidig før dei vart forfremma).

Den økonomiske stoda vart nok ikkje betre då han fekk familie. Han vart gift 15. okt. 1783 med Bergitta Christina Mechlenburg Abo døypt 21. aug. 1748 på Stord i Sunnhordland, dotter til sjøløytnant og seinare kaptein Christian Nikolai Abo og Anna Erlandsdtr Fjellberg i Sunnhordland.

Då Andreas Dybdal søkte kongen om kallet i Skjold, skreiv han m.a.:

For Deres Kongelige Majestets Trone nedlegges min allerunderdanigsteAnsøgning om Skiolds Kald i Christiansands Stift. Fortienester har jeg ikke at berobe mig paa; Ved Guds Naade har jeg paa 19de Aar, ikke uden trykkende Bekymring, stræbet at være troe i de Kald, hvor Gud og kongen har sendt mig. Min ydeligere Trang til et bedre Levebrød, som den viktigste Beveggrund, tør jeg ligesaalidet vidløftig andrage, som det er mig umueligt i korthed at forestille; Min Tillid saavel til den Allerhøiestes Viise Forsorg, som og min Allernaadigste Konges ømme Fader-Hierte for Landets trængende Børn giver mig haab om en Naadigst Bønhørelse, samme vil oppmuntre mig til fordoblet Nidkierhed og Aarvaagenhed at udøve mine helligste Pligter mot Gud, Kongen og Kierken.

Biskop B. Hagerup skreiv i si påteiking i brevet at Hr. Andreas Dybdal var den mest ”trængende” av søkjarane til kallet i Skjold, som gav ein årleg ”Indkomst paa 301 Rigsdaler i visse og uvisse Indkomster”. Dette kallet, skreiv biskopen, burde Dybdal få då han i 19 år hadde stått i kyrkja si teneste ”under meget ringe og møisommelige vilkaar – og da han tillige er en from og retsindig Mand, som med al Flid og Troeskab forestaar sit Embede, kan han og give sig allerunderdanigst Haab om Kongelig Naade til forønsket Forflyttelse, hvortil han i allerdybeste Underdanighed anprises.”

20. juni 1788 fekk han kallet, sjølv om biskopen i si påteikning 11. mars same år hadde bedd særleg for søstersonen sin, Hr. Andreas Heide i Trondheim Stift, om at han måtte få Skjold. Han hadde ”fristet det Vanheld, ved søeskade at forlise sit ringe, men for ham betydelige Boehave”. Det er tydeleg at biskopen hadde vore i ”tvende sinn”. Men avgjerda låg i alle høve i København.

15. febr. 1789 finn me Andreas Dybdal i Skjold. Då døyper han Brita Knutsdtr Grinde som var 17 veker gamal. I kyrkjeboka skreiv han då:

”Same Dag begyndte jeg at forrette mit Embede som Sogneprest til Schiolds Præstegield, og efter Hr. Provst Munthes Begiering i hans Forfald, oplæste det mig allernaadigst givne Kaldsbrev af 20de Juni 1788 samt Biskopens Dr. E. Hagerups Collats af 31te Juli. Gud velsigne fremdeles min Bestrebelse til hans hellige Navns Ære, hans Menigheds Opbyggelse og min Siels Salighed.”

Denne hans ”bestrebelse” varte berre til 7de mars 1803 då han døydde som prost og sokneprest i Skjold. Han har truleg vore ein del sjuk den siste tida. I kyrkjeboka finn me ved fleire høve at det er ”messefald” på grunn av  prostens ”svaghed”. Dette har truleg vart ved heilt frå november 1802. Frå den tida har ein annan ført ein del av kyrkjeboka.

Biskop Tybring utnemnde han til prost over Ryfylke den 9de jan. 1792. Og som prost fekk han nye oppgåver. Den vanskelegaste var kanskje prosteretten han var med i då presten Ancher Brun vart suspendert frå embetet i Suldal. Brun hadde før vore prest i Evje, men kom på kant med bygdefolket. Slik gjekk det og i Suldal. Både han og klokkaren Jakob Jakobsen Stene frå Vikedal var innblanda. Folk klaga over at presten tok for mykje betaling for dei kyrkjelege handlingane. 2. aug. 1797 tok saka til, men ho drygde ut til 1800 då endeleg dom fall. Men Brun anka saka til Høgsterett, og saka drog ut til slutten av året 1803. Men då var Andreas Dybdal død og fekk ikkje høyra at Brun tapte saka også der. Men i 1798 – midt i denne saka – vigde han dotter til presten Brun med klokkaren Jakob Stene som altså var medskuldig.

Det var og Andreas Dybdal som vigde presten og diktaren Jens Zetlitz i Vikedal med Kristine Sofie Fasting von Krogh i Hogganvik. Det var i 1802. Året føpr vigde han sokneprest Morten Henrik Magnus i Nedstrand med Ane Dorthea Heiberg ”paa Enchegaarden Hochul” i Skjold. Magnus fekk embetet i Skjold etter Dybdal. Kona til Magnus var dotter til Gerhard Heiberg som hadde vore prest i Skjold før Dybdal kom.

På gravstøtta til Andreas Dybdal skal det ha stått dette verset:

DIN MØIE ER NU ENDT,
DU SALIG HVILE NØD,
DIT NAVN SKAL ÆRET STAA
I EFTERSLEGTENS MINDE.
GUD GIV DE SØRGENDE
DEN BESTE TRØST AT FINDE,
MEN GIV OS ALLE DU, O GUD
EN SALIG DØD.

Andreas Dybdal og kona Birgitte Kristine hadde tri born: 1) Christiane Elisabeth døypt på Finnøy 23. juli 1786; 2) Anne Henrikke døypt i Skjold 27. april 1791, og 3) Henrik døypt heime 26. okt. 1793 og ”fremstillet i Kirken” 1. des. s. å.
***

28. Osmund Dybdal Holthe sen.

Osmund Dybdal Holthe sen.


Osmund var fødd 12.5 1902 i Vikedal og døydde 2.3 1972. Han gifte seg med 6-menningen sin Ragnhild Nilsdt Vikedal f. 24.4. 1902 d. 30.3. 1977 nr. 3. Osmund gjekk først på Solborg Folkehøgskule i Stavanger, både vinter-og vårkurs. Sidan reiste han til Kristiansand lærarskule og deretter var han soldat i Kongens garde i Oslo. Han vart så lærar i Vikedal, både på Hapnes, Fjellgardane, Mo og i Osen. Han dreiv garden Øvre Vikedal bruk 2 ved sida av. Her bygde han ny driftsbygning og stovehus. Han var ordførar i Vikedal 1946-52 og var med i mange styre i bygda. Han var klokkar i Vikedal i 30 år, og til sist var han bankmann i bygda, og yngste sonen Finn tok over garden. Han skreiv soga om biblioteket i Vikedal.

Osmund var son til Ole Osmundsen Holthe f. 20.1 1860 i Sandeid d. 1905 og gift med Aasa Bårdsdt Dybdal. Han var sjømann og kom heim og vart bakar og kjøpmann i Vikedalsosen. Han kjøpte tomt av prestegarden (Osen) og bygde hus, bakeri, krambu og sjøhus her. Han vart sjuk og fekk lungebetennelse i 1905. I den tid måtte dei til sjukehuset i Stavanger med båt. Skikken var slik at dei flagga på halv stang på båten når dei hadde eit lik om bord. Bestemor var óg sjuk og låg på lemmen den dagen han kom heim. Sjå om dei flaggar på halv stang, sa ho til dottera. Då er Ole død, sa ho då ho fekk vite det.

Kona til Ole var Aasa Bårdsdt Dybdal f. 29.6 1862 i Skjold d. 1949. Ho stod på forretning i Skjoldavik då Ole kom på friing. Det skjedde slik: Ole tok til å bli gammal etter skikken i tida. På eit bakarlaugmøte sa ein eldre bakar til han: nå må du gifte deg, Ole. Ja, sa han, men det er ikkje så enkelt å finne ei god kone. Jo, sa bakaren, i Skjold står det ei på butikken som ikkje er gift. Det vert ei god kone for deg. Og så tok Ole ut! - Då Ole var død, måtte ho klare seg åleine med ein stor barneflokk. Ho og borna dreiv sidan butikken i Osen. Ho har "Koe-Koppe-Indpodnings-Attest" No. 46 av 28. sept. 1863. Vaksinatør var slektningen H. Dybdahl. Sjå Ætt og Heim 1992 s. 75-90 om "Firma Ole O. Holthe i Vikedal".  Dei hadde ni born: Amanda 1889, Ingeborg 1893, Agnethe 1895, Borgny 1896, Adelheid 1899, Henriette 1899, Hilda 1901, Osmund 1902 og Bjarne 1904.

Kona til Osmund var Ragnhild Nilsdt Vikedal fødd 24.4. 1902 og død 30.3. 1977. Ho gjekk husmorskulen på Sømme og arbeidde heime heile livet. Dei hadde fem born der dei to yngste døydde som små: Ola 1932, Nils 1934, Finn 1937, Guri 1938 og Årstein 1944.

Ragnhild var dotter til Nils O. Vikedal f. 16. nov. 1863 d. 1935 gift med Guri Olsdt. Moe f. 17. juni 1860 d. 1947. Dei dreiv garden på Øvre Vikedal briuk 2.